Pollensesongen er i gang. Rundt ein million nordmenn har pollenallergi og for 400.000 av dei kan allergien gå utover livskvaliteten. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK
Pollensesongen er i gang. Rundt ein million nordmenn har pollenallergi og for 400.000 av dei kan allergien gå utover livskvaliteten. Foto: Gorm Kallestad / NTB / NPK

Pollensesongen er i gang

Pollensesongen er godt i gang fleire stader. Rundt 400.000 nordmenn blir råka hardt.

Pollensesongen er godt i gang fleire stader. Rundt 400.000 nordmenn blir råka hardt.

– Det handlar om å vere trøytt og uopplagt, og ha redusert kapasitet i forhold til jobb, skule og sosiale aktivitetar. Og det handlar veldig mykje om at folk er så tette i nasen at dei søv dårleg, seier professor Sverre Steinsvåg i øyre-, nase- og halssjukdommar til NRK.

Ein million nordmenn slit i dag med pollenallergi, det svarer til rundt 20 prosent av befolkninga.

For rundt 400.000 av dei kan pollenallergi føre til ein monaleg redusert livskvalitet, fortel professoren.

Astma- og allergiforbundet har e i eiga pollenvarsling
der du kan sjå kor mykje pollen det er i kvart enkelt fylke no.

(©NPK)