Døyinga blant oppdrettslaks har gått noko ned, men det er framleis alvorlege helse- og velferdsutfordringar innan norsk oppdrett.
Infeksjonssjukdommar og skadar etter lusebehandling var hovudårsaker til døying hos norsk oppdrettslaks også i 2024, ifølgje den årlege Fiskehelserapporten frå Veterinærinstituttet.
– Skadar som følgje av lusebehandlingar, sårproblematikk og gjellesjukdom er dei største utfordringane. Vi ser likevel ei positiv utvikling for fleire virussjukdommar, seier fungerande avdelingsdirektør Ingunn Sommerset.
For oppdrettslokalitetane som delar data, utgjorde «infeksjonssjukdommar» cirka 33 prosent av totalen, medan «skadar» utgjorde cirka 27 prosent, «ukjent årsak» cirka 21 prosent, og «miljøforhold» cirka 9 prosent.
Lakselus er framleis den største parasittutfordringa for norsk oppdrett. Lusenivået var lågare i byrjinga av 2024 enn i dei førre åra, men talet på lus auka kraftig utover sommaren og hausten.
Talet på velferdshendingar på setjefiskanlegg med laks som vart meld til Mattilsynet, auka frå 2023. Ein stor del av desse hendingane vart vurderte som alvorlege.
Talet på død setjefisk vart i 2024 rapportert å vere 45,8 millionar laksar og 3,4 millionar regnbogeaurar. Dette er dei høgaste registrerte tala sidan slike data vart gjorde tilgjengelege for Veterinærinstituttet.
(©NPK)