Regjeringa aukar potten for skulemiljøteama til 45 millionar kroner. Det er ein kraftig auke frå 15 millionar som var vedteke i det opphavlege budsjettet. Det opplyser Kunnskapsdepartementet i ei pressemelding.
Kunnskapsminister Kari Nessa Nordtun (Ap) trur satsinga vil gjere at mange fleire elevar ved fleire skular kan få hjelp.
– Mange skular står i krevjande saker som kan vere vanskelege å løyse åleine. Teama skal bidra til at skular med særlege utfordringar får tett oppfølging slik at elevane opplever god læring og trivsel, seier Nordtun i ei pressemelding.
I 2024 fekk 23 kommunar
pengar til skulemiljøarbeid.
Dette året kan ein kommune søkje og få tilskot på vegner av eit regionalt nettverk.
(©NPK)