Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen presenterer krass kritikk. Foto: Thomas Fure / NTB /NPK
Riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen presenterer krass kritikk. Foto: Thomas Fure / NTB /NPK

Riksrevisjonen tornar mot straumpolitikken – seier bedrifter reserverer kapasitet utan å bruka han

Riksrevisjonen kallar fleire forhold rundt straumnettet i Noreg kritikkverdige og meiner Energidepartementet må trappa opp tiltaka sine for å sikra kapasitet.

Dei tre forholda som blir trekte fram som kritikkverdige i rapporten
, er:

* Det er i store delar av landet ikkje nok kapasitet i straumnettet.

* Energidepartementet har ikkje gjort nødvendige endringar i verkemiddel eller tiltak for å sikra tilstrekkeleg kapasitet.

* Den samla reguleringa og kontrollen av Statnett og nettselskapa bidreg ikkje i tilstrekkeleg grad til at investeringar blir gjorde i tide.

«Kritikkverdig» er nest sterkaste grad av kritikk som Riksrevisjonen opererer med.

Ikkje kapasitet frå Sognefjorden og nordover

Riksrevisjonen trekkjer fram at frå Sognefjorden og nordover er det ikkje nok nettkapasitet til at kundar kan reservera ny kapasitet til større forbruk. Mange stader på Sør- og Vestlandet vurderer Statnett den tilgjengelege kapasiteten nærare, det er altså uklart kor mykje kapasitet det er igjen.

– Mange stader er straumnettet fullbooka. Det er rett og slett ikkje plass til at alle som treng straum kan kopla seg på. Og der det ikkje er fullt, blir det snart fullt, sa riksrevisor Karl Eirik Schjøtt-Pedersen under presentasjonen tysdag.

Riksrevisoren peikar på at nye bedrifter kan risikera å venta opptil 15 år på nettkapasitet. Også dagens regulering og kontroll får kritikk, fordi det ikkje klarer å sikra rask nok utbygging og effektiv utnytting av straumnettet.

Brukar ikkje straumen

– Mykje nettkapasitet er reservert av kundar som ikkje bruker straumen eingong!

Schjøtt-Pedersen samanlikna det med ikkje å bli sloppe inn på ein restaurant der det er ledige bord, fordi desse borda er reserverte av kundar som ikkje møter opp.

Riksrevisjonen peikar på at Statnett og nettselskapa ikkje har tilstrekkelege insentiv eller krav til å utnytta nettet effektivt, og det tek for lang tid å gjennomføra tiltak i straumnettet.

Tilrådingar

Energidepartementet får også direkte kritikk for at ein ikkje har gjort endringar i rammeverket sitt overfor Statnett og NVE. Det kjem også ei rekkje tilrådingar til både Energidepartementet og andre styresmakter.

Riksrevisjonen tilrår at dei gjer grep for å sørgja for at nettutviklinga skjer med utgangspunkt i prognosar og planar for framtida, og at investeringar blir gjorde i tide.

– Det er ei utfordring at sjølve systemet ikkje er rigga for å vera i forkant, seier Schjøtt-Pedersen.

Samtidig anerkjenner Riksrevisjonen at det er mange, dels motstridande omsyn som speler inn når ein planlegg straumnettet.

(©NTB)