Klokka 19.40 fekk Sør-Vest politidistrikt melding om ein brann i Vindafjord, like vest for Ølensvåg.
Naudetatane rykte ut, men kort tid etterpå kunne politiet melde at det berre var snakk om eit bål.
— Det er eit bål som brenn. Det er ingen spreiingsfare, stadfestar operasjonsleiar Olaug Bjørnsen ved Sør-Vest politidistrikt.