E134 Bakka-Solheim
Seier ikkje nei til bompengar
I håp om å få ein fortgang i prosessen om nye E134 Bakka- Solheim, stiller Etne formannskap seg positiv til ei løysing som inneber bompengar.
Under formannskapsmøtet i Etne tysdag, stod vegstrekninga Bakka-Solheim nok ein gong på sakskartet. Denne gong var det ei mogleg bompengeordning som var oppe til debatt. I kommunedirektøren sitt framlegg til vedtak heiter det at kommunestyret skal vedta å prinsipielt vere positive til ei bompengeløysing for realisering av E134 Bakka – Solheim.
I 2015 vedtok kommunane Etne og Vindafjord ein trasé for den nye E134 frå Bakka til Solheim, men lite har skjedd sidan den gong. For Nasjonal Transportplan for 2015 til 2036 er strekninga som skal utbetrast redusert til Bakka-Mo i Etne kommune, og for at strekninga Bakka-Solheim ikkje skal bli lagt i skrivebordskuffa for godt kan eit prinsippvedtak om å seie ja til bompengar vere eit signal til styresmaktene om å prioritere den opphavlege strekninga.
Vil ha ny veg
Heile formannskapet var tydelege på at strekninga Bakka- Solheim var svært viktig å få på plass, men om bompengar var vegen å gå for å nå målet fekk ikkje tommel opp frå alle i salen. Framstegspartiet sine to representantar stemte mot kommunedirektøren sitt forslag og meinte det var ei nasjonal oppgåve å syta for ein trygg og framkommeleg europaveg mellom aust og vest.
— Det kan ikkje vera slik at det er innbyggjarane i Etne som skal betala for oppgradering av europavegen. Staten må ta sitt ansvar og sikra veg mellom aust og vest, sa Kenneth Karlsen (FrP) og kom også med forslag om ei mogleg folkeavrøysting for å kartleggja kva folk ønskjer.
Sjur Aakra (Sp) var heller ikkje jublande glad for ei mogleg bompengeløysing, men innsåg at skal ein få på plass ei utbetring av vegstrekninga kan bompengar bli nødvendig.
— Me ser at skal me få til ei utvikling må bompengar til. Me ser at dette er måten å få saka opp å gå så raskt som mogleg, sa Aakra.
Både Erling Bjarte Rullestad (Ap) og Øyvind Kaldheim (Krf) støtta Aakra sitt forslag.
— Vegen må opp og eg støttar Sjur sitt forslag om å løysa denne floken med bompengar, sa Rullestad.
Øyvind Kaldheim frykta hardare kamp om dei statlege kronene i åra som kjem, mellom anna med tanke på behovet for å auke forsvarsbudsjettet. Det kan få negative følgjer for løyvingar til veg og då kan bompengar vera vegen å gå.
— Eg ser ikkje så lyst på at det vil koma så mykje pengar frå Oslo, og bompengar har gitt oss veg før, sa Kaldheim.
Også Høgre valde å gå for ei mogleg bompengeløysing.
— Etne Høgre er ikkje glad i meir bompengar, men det er viktig å få fortgang i denne vegen. Me støttar framlegget, sa Siri Lundal Hustveit (H).
Kommunedirektøren sitt framlegg til prinsippvedtak fekk dermed fleirtal i formannskapet. Framstegspartiet sine to representantar stemte mot.