Anna Klette Steinsland (t.v. Vindafjordlista) var den einaste i formannskapet som stemte for å seie nei til å bli med på ei utgreiing om eit felles institusjonskjøkken på Haugalandet. Karmøy kommune sitt initiativ skapte ikkje stor entusiasme hos Monica Nesheim (Sp) og dei andre heller.
FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Skepsis til felleskjøkken
— Det er viktig at me ser på både kva me mistar og kva me vinn med ei slik ordning, sa varaordførar Gustav Løge Fosse (KrF).
Tar ikkje stilling
Karmøy har sendt ein førespurnad til kommunane på Haugalandet om det er interesse for å vurdere eit samarbeid om felles storkjøkken, i hovudsak med tanke på å levere middag til sjukeheimar, heildøgnsbemanna omsorgsbustader og heimebuande.