Hotellovernattingar i Oslo, Akershus og Nordland bidrog mest til den samla oppgangen i januar 2025. Her er Akerselva og hotell Radisson Blu sett frå Hausmanns bru. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK
Hotellovernattingar i Oslo, Akershus og Nordland bidrog mest til den samla oppgangen i januar 2025. Her er Akerselva og hotell Radisson Blu sett frå Hausmanns bru. Foto: Annika Byrde / NTB / NPK

SSB: 23 prosent fleire utanlandske hotellovernattingar i januar

Noreg kan notere seg 451.000 utanlandske hotellovernattingar i januar, det høgaste talet som er registrert for den første månaden i år.

Noreg kan notere seg 451.000 utanlandske hotellovernattingar i januar, det høgaste talet som er registrert for den første månaden i år.

Det var fleire både norske og utanlandske hotellovernattingar i januar, slik at den totale auken vart på 8 prosent samanlikna med januar 2024. Det var 1,2 millionar norske hotellovernattingar, som var 3,2 prosent meir enn i fjor.

– Det kan vere fleire årsaker til auken, mellom anna fleire direkte flyruter, spesielt til Nord-Noreg og ei sterkare marknadsføring av Noreg som reisemål, seier rådgivar Boyd Oyier i Statistisk sentralbyrå (SSB).

Dei utanlandske overnattingane utgjer no ein større del enn før av totalen. I januar 2020 stod utlendingar for 24 prosent av overnattingane i januar. I år auka det til 27 prosent.

I januar vart det også registrert auke i andre typar kommersielle overnattingar i Noreg, samanlikna med januar 2024.

Det var 112.000 overnattingar på campingplassar, og 233.000 overnattingar på hyttegrender og vandrarheimar. Det er ein auke på høvesvis 15 og 6,8 prosent frå januar i fjor.

Auken for utanlandske overnattingar åleine var på heile 38 prosent på campingplassar og 17 prosent på hyttegrender og vandrarheimar.

(©NPK)