Den kommande tida blir det klart kven som får ta på seg vikinghjelmen og ikle seg rolla som Olav den heilage i ein stor norsk viking-film.
Storfilmen med namnet «Slaget på Stiklestad» blir produsert av selskapet bak «Kon-Tiki», «Den 12. mann», «Tunnelen» og «Kampen om Narvik».
Produsent Sigurd Mikal Karoliussen seier det er første gong i Noreg at det blir laga ein storslått viking-film.
– Det første vi skal gjere, er å få på plass dei rette skodespelarane, og det blir jo ekstra spennande å sjå kven som passar til rolla som sjølvaste Olav den heilage, seier Karoliussen i ei pressemelding.
– Det er med ærefrykt vi no skal lage filmen om det mest kjende og segnomspunne augneblinken i norsk historie, og vi gler oss til å ta publikum over tusen år tilbake i tid då dei første grunnsteinane til kongeriket Noreg vart lagde.
Det er Erik Skjoldbjærg som skal regissere storfilmen, som har eit totalbudsjett på 80 millionar kroner. Kathrine Valen Zeiner og Maren Skolem er manusforfattarar.
(©NPK)