Vi legg på oss raskare enn før. Ei ny studie viser at seks av ti vaksne i verda kjem til å ha overvekt eller fedme innan 2050.
Forskarar åtvarar om at store endringar må gjerast snarast mogleg for å unngå denne utviklinga, skriv NRK.
Professor Espen Bjertness ved Universitetet i Oslo, som har vore med på studien publisert i The Lancet, uttrykkjer bekymring for den kraftige auken i fedme.
– Det bekymringsfulle er den store auken i fedme, som jo har konsekvensar for helsa. Både for hjarte- og karsjukdomar, skjelettbelastning, diabetes og ei rekkje tilstandar, seier Bjertness til NRK.
Studien avdekkjer at nyare generasjonar legg på seg raskare enn før, og at folk får fedme tidlegare i livet. Det er venta at ein tredjedel av alle barn og ungdommar vil ha overvekt eller fedme om ingenting blir gjort no.
Sjølv om Noreg ligg betre an enn mange andre land, er trenden urovekkjande. I 1990 hadde rundt 15 prosent av norske vaksne kvinner fedme, medan talet er venta å auke til 30 prosent i 2050. For menn er auken frå nesten 12 prosent i 1990 til rundt 26 prosent i 2050.
Forskarane peikar på ulike tiltak for å motverke denne utviklinga, som gratis mat i skulen, gang- og sykkelvegar, og å gjere sunn mat billegare og usunn mat dyrare. Bjertness seier det er viktig å leggje til rette for fysisk aktivitet, merke matvarer og drive kampanjar om sunt kosthald.
(©NPK)