Kommunalsjef Sigurd Gjerdvik for helse og omsorg fortel at Vindafjord kommune kartlegg korleis ein skal få bukt med fastlegekøane.Arkivfoto: Svein-Erik Larsen
Sigurd Gjerdevik er kommunalsjef for helse og omsorg i Vindafjnord kommune.

Debatt

Tilsvar til Omdal

Tidlegare kommuneoverlege Knut A. Omdal har i eit innlegg i Grannar gjort seg nokre tankar om korleis Vindafjord kommune planlegg å møte utfordringane i eit samfunn som får ei sterkt endra befolkningsutvikling – med fleire eldre og færre yngre, og like viktig i denne samanheng ei utflating av den yrkesaktive delen av befolkninga.Innlegget til Omdal har diverre ein del føresetnader og premiss som ikkje er riktige, og då blir også konklusjonane feil. Me vil i dette innlegget prøve å tydeleggjere noko av kva for strategiar som er aktuelle i åra framover.

Agenda Kaupang vart hyra inn for å gjere ei analyse av korleis Vindafjord kommune løyser sine oppgåver innanfor pleie og omsorg i dag, og for å gi innspel til kommunens planarbeid for korleis ein skal løyse utfordringane i framtida. Dei har gjennom ulike scenarier synleggjort korleis kostnadsveksten kan utvikle seg avhengig av kva val ein gjer i åra framover. Desse scenariene er ikkje ei menyliste kommunen skal velje mellom, men dei er lagde for å synleggjere konsekvensar av ulike strategiar.

Om ein vel same profil på omsorgstenestene som i dag, vil kostnadsveksten bli sterkast. Klarer ein derimot å få til ei samfunnsutvikling der ein utvidar omsorgstrappa med meir tilrettelagde bustader og omsorgsbustader, vil kostnadsveksten bli noko lågare. Det ein må merke seg, er at i alle scenario vil det bli ei kostnadsauke. Dei auka behova som ein ser framover, vil i alle scenario gi auka kostnader for kommunane, men ein kan gjere val for å redusere kostnadsveksten noko. Dette er ikkje innsparingar for kommunen, men mogleg redusert kostnadsvekst.

Kommunar står ganske fritt til å organisere pleie- og omsorgstenestene sine slik dei ynskjer. Det som er avgjerande, er at innbyggjarane i kommunen får dei tenestene dei har behov for. I dei fleste kommunar betyr dette ei blanding av sjukeheimsplassar, heildøgnsbemanna omsorgsbustader og heimetenester. I Vindafjord kommune er denne samansetninga slik at ein av dei samla ressursane ein bruker på pleie og omsorg, brukar ein vesentleg meir på institusjon enn på omsorgsbustader og heimetenester. Ein kommune på Vindafjord sin storleik bør kunne klare seg med ein institusjon (sjukeheim). Dette har også Agenda Kaupang påpeika i sin rapport. Kommunestyret har difor i budsjettvedtaket bedt kommunedirektøren vurdere ei samanslåing av dei to institusjonane me har i dag, og i tillegg bedt om ei sak som vurderer nybygg eller ombygging av institusjon for å imøtekomme morgondagens behov. Arbeidet med desse utgreiingane er starta og vil bli lagt fram for politisk behandling gjennom dette kommande året. Dette gjeld eventuell samanslåing, vurdering av nybygg/ombygging og ny helse- og omsorgsplan. Det er i dette konkrete arbeidet at risiko og konsekvensar blir vurderte. Kommunestyret seier også at talet på heildøgnsbemanna omsorgsplassar ikkje skal reduserast frå dagens nivå.

Eit forhold som Omdal i liten grad er inne på, er tilgang på arbeidskraft generelt og helsepersonell spesielt i åra framover. Helsepersonellkommisjonen har drøfta dette inngåande, men det vil vere mangel på ressursar i form av tilgjengelege hender som vil vere den viktigaste drivaren for endringar i helse- og omsorgstenestene i åra framover. Hadde ein hatt tilgang på desse hendene, kunne ein betalt seg ut av dette ved å tilsette fleire etter behov. Men det er ikkje mogleg, for denne arbeidskrafta vil ikkje vere tilgjengeleg. Om kommunar ikkje planlegg for dette, vil det få store konsekvensar for framtidas omsorgstenester.

For at kommunen skal vere ein god arbeidsgjevar som er attraktiv for våre tilsette og kunne tiltrekke seg nye, må kommunen utvikle tenestene på ein måte som tilsette er involverte i og som er framtidsretta. Ordtaket Der intet er, har selv keiseren tapt sin rett» kan bli ein realitet i helse- og omsorgstenestene om kommunar ikkje lukkast med omstilling. Lovfesta rettar har låg verdi om det ikkje er personell nok til å utføre oppgåvene. Omstilling av helse- og omsorgstenestene er difor nødvendig å halde fram med.

Vindafjord kommune vil sjølvsagt også legge til grunn den nyleg vedtekne Bu trygt heime-reforma i plan- og omstillingsarbeidet framover. Det er viktig at dette er ei samfunnsoppgåve som må løysast i lag – det er ikkje noko som kan løysast berre gjennom helse- og omsorgstenestene. Bu trygt heime-reforma har som mål å bidra til at eldre kan bu trygt heime, og at behovet for helse- og omsorgstenester blir utsett gjennom betre planlegging, førebygging og meir målretta tenester.

Satsinga er tverrfagleg og har fire innsatsområde:

  • Levande lokalsamfunn
  • Bustadtilpassing og planlegging
  • Kompetente og myndiggjorde medarbeidarar
  • Tryggleik for brukarar og støtte til pårørande

Befolkninga må i større grad ta ansvar for eige liv også i alderdommen – til dømes ved å tilpasse bustaden sin eller finne ein ny, tilrettelagd bustad nærare dei tilboda ein treng. Dagens 60-, 70- og 80-åringar bør i større grad enn tidlegare ta aktive val for korleis dei ynskjer å bu når dei blir eldre. Det er viktig å bestemme seg for korleis ein vil bu før andre må bestemme for deg. Pensjonistforbundet i Vindafjord har verkeleg forstått og tatt tak i denne utfordringa og arrangerte nyleg eit møte på Sjøperla, med fokus på bustadutvikling for eldre i lag med Husbanken og kommunen. Me treng fleire slike initiativ. Avslutningsvis vil eg runde av med at inneverande år blir eit år for mange avgjerder om framtidas helse- og omsorgstenester i Vindafjord. Spesielt vil eg vektlegge den nye helse- og omsorgsplanen som er under utarbeiding, og me ynskjer alle gode innspel velkomne i det pågåande arbeidet.

Sigurd Gjerdevik
Kommunalsjef helse og omsorg
Vindafjord kommune

Powered by Labrador CMS