– Helsetrygdkort er eit bevis på at du har rett på same behandling som innbyggjarane i landet du er på reise i. Du kan bestilla det frå Helfo på Helsenorge.no. Reiseforsikring sikrar at du får dekt best mogleg behandling, kjappast mogleg. Og at du kjem deg trygt heim igjen etter sjukdom eller ulykke utan å ta rekninga sjølv, seier seniorrådgivar i Frende Forsikring, Marius Solberg Anfinsen i ei pressemelding.
Mange har også ulike variantar av reiseforsikring baka inn i kredittkorta sine. Føresetnaden er at minst halvparten av reisa er betalt med kortet.
Bur du i Noreg og skal på ferie i Norden treng du ikkje å visa helsetrygdkort for å få medisinsk behandling. Tyrkia og den tyrkiske delen av Kypros er ikkje i EØS, så her gjeld ikkje kortet. Kortet varer i tre år om gongen.
Tal frå Frende viser at ein av fem brukte reiseforsikring i fjor.
– Med forsikring kan du få tilråding før du reiser, og hjelp til å finna rett behandlar på staden. Utan forsikringa kan det henda du får behandlinga du treng, men du må dekkja kostnadene sjølv. Her snakkar me summar som kan gjera deg til gjeldsslave. Kvart år ser me saker som kostar millionar etter sjukdom eller ulykke i utlandet, seier Solberg Anfinsen.
I 2024 kosta skadane meir enn 3 milliardar kroner, viser tal frå Finans Norge. Den klart dyraste skadetypen var sjukdom på reise.
(©NPK)