Veg i Etne oversvømt
I 15-tida onsdag ettermiddag var det flaum på Stødlevegen i Etne.
I krysset der ein svingar av mot Sillavegen opp til Kambe var vegen overfløymd av vatn onsdag ettermiddag. Det var mykje trafikk på vegen, og det gjekk berre å køyra i eitt køyrefelt om gongen. Då E134 vart stengd grunna ras, kom det også mykje tungtrafikk denne vegen. I løpet av kort tid auka flaumen, og bilistane vart meir og meir skeptiske til å køyra.
– Dette er det verste eg har sett av flaum her nokon gong, seier Grethe Håland Hjelmtveit som bur ved Sillavegen.
Vatnet var på veg opp i hagen hennar, då ho bur rett ved Prestabekken som er veldig stor.