VM-sjefen kjem til Olalia
Åge Skinstad er i desse dagar aktuell som dagleg leiar for ski-VM 2025 i Trondheim. 22. mai kjem han til NæringsGIV på Olalia sitt tiårsjubileum.
— Dette har blitt ein viktig møteplass for næringslivet i Etne og Vindafjord, og i år ønskjer me å feira med inspirasjon, gode historier og fagleg påfyll, seier styreleiar Anette Lauareid i Fikse Næringsforeining til Medvind24.
Prat og prisar
NæringsGIV på Olalia er ei årleg samling av og for bedriftene i Etne og Vindafjord. Ho blir arrangert av Fikse Næringsforeining, Medvind Næringshage og Grannar. Lauareid synest det er stort å kunna markera 10 år med arrangementet.
Årets NæringsGIV startar på Oppheim parkeringsplass, der ein går saman til Olalia Fjellstove. Der blir det grilling og eit rikhaldig program med mellom anna prisutdeling til årets bedrift og årets gründer. Lauareid meiner at det er ein flott stad å arrangera NæringsGIV.
— Her kan me kombinera fagleg innhald med gode samtalar i naturskjønne omgjevnadar. Me gler oss til å samla næringslivet til ein dag med refleksjon, læring og feiring, seier ho.
Frå i fjor:
Frå folkefest til næringsfest
Åge Skinstad er blant trekkplastera under årets arrangement. Som ung var 60-åringen langrennsløpar og tok mellom anna eit sølv i NM i 1989 og gjekk i verdscupen. Sidan har han blitt kjend som ekspertkommentator for langrenn på NRK og andre TV-kanalar i til saman 17 år.
Frå 2006 til 2015 var Skinstad sportsjef for langrenn i Norges Skiforbund. Då hadde han ansvar for profilar som Petter Northug, Marit Bjørgen og Therese Johaug og såg laga sine vinna mange internasjonale medaljar, mellom anna på heimebane under VM i Oslo i 2011. I 2022 fekk han jobben som dagleg leiar for ski-VM 2025 i Trondheim. For tida har han hektiske dagar med å leia det som har blitt ein folkefest med svært stor norsk sportsleg suksess.
Forutan langrenn har han hatt fleire leiarstillingar i næringslivet, mellom anna som regiondirektør i NHO. I 2026 får han jobb i byggevarebransjen. Då blir han nordisk marknadsdirektør for Trox Auranor på Gran i Hadeland. På Olalia vil han dela si innsikt i prestasjonskultur og leiarskap.
Bedrifter som ønskjer å delta, må melda seg på NæringsGIV innan 22. april.