Thea Karoline Blikra stod for to av måla til Fjordar mot Nord.
FOTO: MAGNE SKÅLNES
Andre strake heimesiger
Skjoldar/Vats/Vik/Vind sine damer har starta årets 4. divisjon med eit brak. Onsdag var det Nord som måtte reise heim utan poeng.
Fjordar, som vindafjorddamene nå vil kalle seg, sigra mot Rubbestadneset 7er med 4-3 i seriestarten førre veke. Onsdag kveld var det det Nord sitt 9er lag som var på besøk på Hatteland Stadion i Nedre Vats. Det vart tidleg klart at heimelaget var det beste laget, og dominerte banespelet frå start av. Thea Karoline Blikra var frampå allereide etter 3 minutt og sendte Fjordar i leiinga. Laget heldt fram med å skape fine angrep, men utteljinga var dårleg resten av omgangen. Nord var óg på nokre sjeldne visittar i angrep, men forsøka som kom hadde keeper Silje Berge god kontroll på. Laga gjekk dermed til pause med stillinga 1-0.
To raske mål
Det var det samme kampbildet óg etter pause, og denne gongen fekk heimelaget betalt tidleg i omgangen. Først var Thea Karoline Blikra på plass og skåra sitt andre mål for kvelden. Nokre få minutt etterpå kunne Rebekka Eide sette inn 3-0, etter at Blikra hadde skote i stolpen. Kampen var med dette så godt som avgjort, og resten av oppgjeret vart ei transportetappe mot 90 minutt og siger for Fjordar.