Fredag la Miljødirektoratet fram reglane for årets laksefiske. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK
Fredag la Miljødirektoratet fram reglane for årets laksefiske. Illustrasjonsfoto: Terje Bendiksby / NTB / NPK

Årets reglar for laksefiske blir dei strengaste nokosinne

I eit forsøk på å redde villaksen innfører Miljødirektoratet no tidenes strengaste reglar for laksefiske.

– Dette vil smerte, men vi har eit inntrykk for at det er forståing for dei endringane vi no gjer òg, seier fagdirektør Helge Axel Dyrendal i Miljødirektoratet til NRK.

Det er hovudsakleg dei store lakseelvane sør for Namsenfjorden som blir ramma av dei nye restriksjonane. I tillegg er nokre elvar i Finnmark ramma. Fem elvar blir heilt stengde for fiske. Her
kan du sjå heile oversikta.

– Dette er dei strengaste restriksjonane vi nokon gong har hatt. Bakgrunnen for dette er det dårlege innsiget av laks til elvane dei siste åra, seier Dyrendal.

Tal frå SSB
viser at det aldri har blitt fanga færre laks i norske elvar enn i fjor.

Statusrapporten for norske laksebestandar
peikar på at lakselus, infeksjonar frå oppdrettslaks og rømmingar frå oppdrettsanlegg er blant dei største truslane for villaksbestanden. Også klimaendringane utgjer ifølge rapporten ein trussel for laksen.

Neste veke skal Regjeringa legge fram havbruksmeldinga der dei gjennomgår heile løyvesystemet for havbruk.

(©NPK)