Sofie Helene Fresvik håpar å kunne besøke faren med båten frå Bergen også i framtida. FOTO: Privat
Sofie Helene Fresvik håpar å kunne besøke faren med båten frå Bergen også i framtida.

Debatt

Båten si stemme

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helse ved eit bilde av deg sjølv.

Det er ikkje greit at dykk tek båten frå oss. Folk har kjempa gong på gong, og nå er det min tur. Båten er ikkje berre ein båt for meg. Den er ein del av meg og eg trur det gjeld fleire.

Båten har vore med meg heile livet. Ikkje ta den frå meg, ikkje ta den frå oss. Ver så snill og støtte oss. Båten er ikkje berre ein båt; den er familie.

Båten har hjelpt meg med å kome til pappaen min, sidan han bur i Bergen. I fleire år har den tatt meg frå Ølen til Leirvik, og så vidare til Bergen for å besøke pappa. Ver så snill og ikkje gjer dette.

Sofie Helene Fresvik (10)

(Grannar har fått samtykke frå både mor og far til Sofie, om publisering av debattinnlegg og bilde)

Powered by Labrador CMS