Tysvær
Bombegruppa på veg til Nedstrand
Klokka 18.32 torsdag fekk politiet melding frå ferja MF Ryfylke om at dei hadde ein mistenkjeleg gjenstand om bord.
Ferja var ferdig med trafikken for kvelden og ligg no til kai i Nedstrand.
Ferja er tom for bilar og passasjerar. Mannskapet har evakuert ferja.
Annonse
Politiet er på staden og evakuerer no nokre leilegheiter som ligg like ved ferja.
Politiet si bombegruppe er på veg og vil koma til Nedstrand for å fjerna og uskadeleggjera gjenstanden.
Inntil vidare vil politiet vera til stades og stenga av området til bombegruppa har gjort jobben sin.