– Prosenten av kvinner med deltidsarbeid går ned i både offentleg og privat sektor, seier forskar Adrian Farner Rogne, til Forskning.no.
Saman med kollega Kari Vea Salvanes frå Senter for likestillingsforsking på Institutt for samfunnsforskning (CORE), har han forska på deltidsarbeid i Noreg frå 2017–2022.
– I løpet av perioden ser vi også at heiltidsarbeid har auka blant kvinner med barn, legg han til.
Historisk sett har både korte og lange deltidsstillingar vore vanlegare blant kvinner.
– Ikkje så overraskande finn vi også at deltidsarbeid varierer med alder. I løpet av 20-åra går mange frå å jobbe i korte deltidsstillingar til heiltid eller lengre deltidsstillingar, fortel Salvanes.
Framleis er delen kvinner med ein stillingsprosent på 50 eller mindre, dobbelt så høg som for menn.
(©NPK)