Ole Johan Espeland skåra for Bjoa i sin andre kamp på rad onsdag. Her frå første heimekamp 23. april.
ARKIVFOTO: MAGNE SKÅLNES
Sport
Fotballkamp med noko attåt på Bjoa
Idrettslaget markerte sitt 80-årsjubileum med ei feiring som inkluderte ein kamp i 7. divisjon og gratis kake til publikum på Bjoa.
Eit talrikt publikum hadde funne vegen til Bjoa Stadion onsdag kveld. Mange kom for å få med seg kampen mellom Bjoa og Vard Haugesund 3, medan andre hadde fått med seg at det kom til å bli servert gratis kake på arrangementet. Då krigen var over i 1945, vart idrettslaget Bjoa IL stifta, og dermed er det 80-årsjubileum dette året. Det blei feira på denne kampen, og det kom lovnader om fleire markeringar seinare i år.
Humpete bane
Om spelet ute på bana levde opp til den flotte ramma rundt skal være usagt, men den humpete vårbana på Bjoa må ta noko av skulda for at det aldri blei den heilt store kampen. Det gjestande laget, Vard, var ein verdig motstandar, og meistra både ball og underlag noko bedre enn heimelaget i den første omgangen. Tre skåringar kom i tur og orden utover omgangen, og Vard stod bak alle saman. Heimelaget kom ikkje til så mange sjansar, og bortelaget leia fortent 0-3 til pause.