Lisa Marie Ness Klungland,
stortingsrepresentant for Senterpartiet, medlem av energi- og miljøkomitéen
Foto: Senterparitet
Lisa Marie Ness Klungland, stortingsrepresentant for Senterpartiet, medlem av energi- og miljøkomitéen Foto: Senterparitet

Frp stemte mot veto mot EUs fjerde energimarknadspakke

Frp stemte imot å leggje ned veto mot EUs fjerde energimarknadspakke torsdag 10. april i stortingssalen. Det er ikkje fake news, som Frps Marius Aron Nilsen forsøker å bortforklare det med, men noko alle kan etterprøve med å sjå på vorteringsoversikta til Stortinget.

Frp stemte og imot å starta arbeidet med å melda oss ut av EUs energibyrå ACER. Retretten før påske var eit komplett narrespel av Frp.

Etter at Frps energiministrar tok Norge inn i ACER og EUs tredje energimarknadspakke har dei beklaga denne feilslåtte politikken. Nå fekk dei høve til å stemma for å trekka Noreg ut av ACER i Stortinget og å legga ned veto mot EUs fjerde energimarknadspakke. Då fant Frp heller saman med sine ACER-kameratar i Høgre, Ap, Venstre og MDG. Det viser at Frps beklaging ikkje står til truande.

På Stortinget blir alle forslag behandla i komitear før votering i stortingssalen. I vekene før forslaga om å ta tilbake kontroll over krafta vår gjekk Frp konsekvent i lag med Høgre og Ap for å stemme ned forslaga. Så kom sjølve voteringsdagen og Frp begynte å sveitta. Gjennom dagen valde dei å stilla seg bak nokre av Senterpartiet sine forslag. Diverre stemte Frp imot forslaget om å starta arbeidet med å melda oss ut av EUs energibyrå ACER og gjekk heller ikkje inn i forslaget om å legga ned veto mot EUs fjerde energimarknadspakke.

Dei gjekk inn i forslag som er mindre tydelege på å ta tilbake nasjonal kontroll over krafta vår. Arbeidet med å svelga Erna Solberg-kamelar er allereie godt i gong i Frp.

 

Lisa Marie Ness Klungland

Stortingsrepresentant for Senterpartiet, medlem av energi- og miljøkomitéen

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helse ved eit bilde av deg sjølv.