Imsland oppvekstsenter blei lagt ned etter førre skuleår. Arkivfoto: Irene Mæland Haraldsen
Imsland oppvekstsenter blei lagt ned etter førre skuleår.

Gjer seg klare til nedleggingar

Når skulen på Bjoa, og barnehagen og skulen i Imsland blir lagde ned, fører det til at barn og tilsette flyttar over på nye plassar til hausten. Representantar for dei tilsette på begge plassar er nøgde med oppfølginga frå kommuneleiinga dei siste månadane.

Publisert Sist oppdatert

— I januar vart me kalla inn til eit informasjonsmøte på rådhuset. Det var eit oppklarande møte, og prosessen etterpå har vore ryddig og grei, fortel Elisabeth Lunde, som er Utdanningsforbundet sin representant på Bjoa skule.

Tilsette frå både Imsland oppvekstsenter og skule-delen av Bjoa oppvekstsenter var på møtet. Der informerte barnehage- og skulesjef Anita Jørstad Grindheim og HR-avdelinga i Vindafjord kommune om situasjonen, opna for spørsmål og la fram ein plan for prosessen vidare. Alle tilsette har fått tilbod om arbeid andre plassar i kommunen.

Spesiell vår

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS