Rehabilitering av kunstgrasbanane kostar truleg 2,3 milliardar kroner, men mange klubbar og kommunar er usikre på korleis dei skal løyse utfordringane. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB / NPK
Rehabilitering av kunstgrasbanane kostar truleg 2,3 milliardar kroner, men mange klubbar og kommunar er usikre på korleis dei skal løyse utfordringane. Illustrasjonsfoto: Tore Meek / NTB / NPK

Hundrevis av farlege fotballbaner i Noreg

Nærare 400 kunstgrasbaner i Noreg er for farlege å spele på grunna ujamnskapar, hol, groper og lause skøyte, viser ei undersøking frå Norges Fotballforbund, omtalt av NRK.

Rehabilitering av desse banane kostar truleg 2,3 milliardar kroner, men mange klubbar og kommunar er usikre på korleis dei skal løyse utfordringane.

Situasjonen blir ytterlegare komplisert av eit EU-vedtak som forbyr sal av gummigranulat til kunstgrasbanar frå 2031. Dette skaper uvisse om framtidige løysingar.

Løysingar for å handtere utfordringane inkluderer å leggje fleire kampar til helgane, redusere treningstimane og talet på kampar.

(©NPK)