Nyheita om den endelege avgjerda om utbetring av strekninga, kalla «Dødsvegen», vart lansert av samferdselsminister Jon-Ivar Nygård under Arbeidarpartiets landsmøte fredag.
Samtidig vart forslaget frå regjeringa behandla i statsrådet på Slottet.
– Det er jo først no som proposisjonen går, og Stortinget forhåpentleg sluttar seg til det, det blir realisert, seier Nygård til NTB.
Med ei total styringsramme på 41 milliardar kroner, og ei øvre kostnadsramme på 49 milliardar er utbygginga av ei 30 kilometer lang utbygging av E16 og ny jernbane på same strekning det største samferdselsprosjektet i nye tid.
Utbygginga er eit fellesprosjekt mellom Statens vegvesen og Bane Nor.
Utbygginga skal sørgje for oppgradert og tryggare veg på ei strekning prega av dårleg standard og hyppige stengingar for både tog og vegtrafikk.
Etter planen skal ny veg og jernbane opne i 2038. Staten skal stå for 90 prosent av finansieringa, og om lag 4,5 milliardar kroner skal krevjast inn gjennom bompengar frå anlegget står ferdig, skriv Bergensavisen.
(©NPK)