Legg om idrettstrafikken
Etter fleire tiår skal det snart bli slutt på at folk køyrer til idrettsområdet i Ølen gjennom Litlehagen. Vindafjord håpar at dei greier å avgrensa nedsida for bebuarane i Gartnerihagen, og at ein ny veg frå Fatland Slakteri vil koma på plass snarast råd.
— Ein tilkomstveg rett gjennom eit bustadfelt er ikkje er det beste ein kan ha. Difor vil eg allereie no peika på at den alternative tilkomsten frå Fatland vil vere naturleg å gjera det ein kan for å få til når utbygginga startar, sa Modolf Haraldseid (H) i eit formannskapsmøte 8. april.
Fatland har fått byggjeløyve til å utvida slakteriet sitt. Med utvidinga vil det òg koma ein ny veg frå slakteriet og ned til idrettsområdet. Politikarane var saman med sentrale medlemmer av administrasjonen på synfaring i forkant av møtet.
I tillegg til dagens fotballbane og klubbhus planlegg Ølen IL å byggja ein fotballhall på idrettsområdet. Dette skjer i lys av at idrettslaget opplever sterkt press på banekapasiteten sin, med mange lag og fotballspelarar. Med det kjem òg ein del trafikk.
Bekymra naboar
To bebuarar har klaga på reguleringsplanen om tilkomst til idrettsområdet. Klagane handlar i hovudsak om bruk Litlehagen som tilkomstveg, og dårleg dialog med grunneigarane.
Den eine klagaren sine innspel blei oppsummert i åtte punkt i saksinnkallinga:
- Meiner det ikkje er henta inn informasjon/vore dialog med grunneigarane i planprosessen, trass i at fleire har sendt inn innspel. Stiller difor spørsmål ved om saka er godt nok opplyst.
- Kva blir konsekvensane for eigedomane – må grunneigarane avstå grunn? Dette er svakt skildra og med lite omsyn til grunneigarane. Det trengst konkret informasjon.
- Det er ikkje lagt inn noko om fartsdemping og belysning. Trafikkmålingane er ikkje gode nok! I samband med fotballkampar og andre arrangement er det stor trafikk med mange ulike køyretøy i høg fart. Dette, kombinert med mange mjuke trafikantar, gir dårleg trafikktryggleik.
- Avkøyringa til Ølen vgs og Ølensjøen barnehage har dårleg sikt nedover mot senteret. Bilistar på veg oppover kappar svingen. Dette aukar risikoen for trafikkuhell.
- Er planlagt tilkomst til Ølen idrettshall frå Litlehagen nødvendig? Kva blir konsekvensane, og skal denne nyttast av bilar? Kan dette bli ein snarveg til Dreganesvegen eller ei rundkøyring»? Ligg det noko meir av planar her som ikkje kjem fram av planen (sirkelform på kartet)?
- Kunne ein ikkje fått til ein tilkomst i samband med endringa av reguleringsplanen for Haugane i samband med Fatland AS si utbygging?
- Kvifor skal ein stengja av Gartnerihagen i øvre enden? Trafikken til idrettsanlegget bør heller fordelast på begge desse tilkomstane.
- Oppsummert skriv personen at den klagar på saksutgreiinga og meiner saka ikkje er tilstrekkeleg opplyst. Ho forventar munnleg dialog ved handsaming av klaga.
Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen svara ut desse punkta i saksutgreiinga. Blant anna viste han til at kommunen er i ferd med å starta planarbeid for tilkomst for mjuke trafikantar frå Osen. Samstundes ønskjer ein òg å starta planarbeidet for ny tilkomst til Ølen idrettsområde frå sør, via Øvrehagen og Haugane.
Om stenginga av Gartnerihagen skriv han at det ikkje er ønskeleg med for mange tilkomstar.
Utviding råkar hagar
Den andre klagaren ønskjer at representantar frå kommunen kjem på synfaring, slik at han som grunneigar kan få ein detaljert plan og stilla spørsmål om korleis gata skal sjå ut. Inntil han har fått svar på spørsmål knytt til prosjektet, klagar han på planvedtaket.
Folven Bergesen skriv at representantar frå kommunen vil gå i dialog med grunneigarane i samband med grunnerverv og byggeplanfase i løpet av våren.
På synfaringa starta politikarane ved Ølen Senter og gjekk forbi vidaregåande skulen og inn i Litlehagen. Einingsleiar Thomas Vestbø og rådgivar Ingrid Johannessen ved areal og forvaltning forklarte og svarte på spørsmål.
— Vegen skal utvidast, og det kjem eit fortau på sida mot Ølen vgs, sa Vestbø.
Like forbi Ølen idrettshall kjem vegen til å ta litt av hagane til dei som bur der. Vindafjord kommune kjøpte ein eigedom ved Sparebank 1 Sør-Norge Stadion Ølen i 2018. Det gjer at dei kan bruka eige areal til å slå saman to vegar opp til idrettsområdet. Vestbø fortalde at dei per no er i startfasen med å leggja til rette for den nye vegen frå Fatland, og ikkje har byrja å regulera.
Sjølv om det ikkje lenger skal vera gjennomkøyring for bilar via Gartnerihagen, vil dei som bur der framleis kunna køyra til og frå heimane sine.
Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp), som hadde fotballbanen som ein av heimebanane sine då han spelte i GrannKam, reflekterte over at Gartnerihagen har vore vegen til idrettsområdet i alle år.
Må få på plass fortau
Etter synfaringa sa Øyvind Valen (Ap) i møtet at han var glad dei fekk sjå området, sjølv om det ikkje endra konklusjonen hans.
— Eg trur det er viktig at me tryggjer dei som bur langs Gartnerihagen om at me ikkje stenger Litlehagen før fortauet er på plass, sa Ap-politikaren.
Følgeleg fremja han eit tilleggspunkt som lyd: Formannskapet har som føresetnad at stenging av tilkomst frå Gartnerihagen ikkje skal skje før arbeidet med utviding av vegen Litlehagen og opparbeiding av fortau er starta opp.»
Modolf Haraldseid (H) meiner at tilleggsforslaget vil vise forståing og kompensere noko for dei påpeikingane som er gitt i klagene. Formannskapet var samrøystes i å ikkje ta klagene til følgje og i å vedta Valen sitt tilleggspunkt.
Dermed blir klagene sendt til Statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjerd.