NAF reagerer kraftig på delar av forslaget til forbod mot varsling av trafikkontrollar.
Foto: Benjamin A. Ward / NAF
NAF seier nei til app-forbod for å hindre råkøyring
Regjeringa vil ha eit forbod mot både utstyr og appar som varslar om kontrollane til politiet. NAF meiner eit app-forbod er å gå for langt.
Regjeringa vil ha eit forbod mot både utstyr og appar som varslar om kontrollane til politiet. NAF meiner eit app-forbod er å gå for langt.
– Vi meiner forslaget om å forby folk å ha installert appar som varslar om trafikkontrollar går for langt, fordi det vil vere svært inngripande å handheve, seier Ingunn Handagard, pressesjef i NAF, i ei pressemelding.
I høyringssvaret sitt er NAF sterkt kritisk til denne delen av forslaget og grunngir det med at eit slikt forbod i praksis vil bety at politiet får rett til å sjekke kva appar du har på telefonen.