Leif Christian Mæland Andersen
Debatt
Nei Til EU, Ja til nasjonal kontroll og Ja til folkestyre
Me ser no at fleire partier som Høgre og Venstre ynskjer å starta arbeidet med å få Norge inn i EU så raskt som mogleg og helst i løpet av neste stortingsperiode. For meg og Senterpartiet er dette heilt feil vei å gå, Norge har stått utanfor EU i fleire tiår, dette har tjent Norge godt, og vil fortsatt tjene Norge godt.
Det er for Senterpartiet ingen tvil om at eit EU-medlemskap vil undergrave det norske folkestyret, ved at ein overfører makt frå norske folkevalgte til Brussel. Dette vil redusere vår politiske og økonomiske handlefrihet, noko som vil føre til større ulikheter og svekka folkevalgt kontroll over viktige områder som arbeidsmarkedet, landbruk, finans, toll, fiskeri og energipolitikk. Norge er eit land rikt på naturressurser, og det er svært viktig at vi beholder kontroll over disse ressursane, slik at me kan fortsette å skape arbeidsplasser og næringsvirksomhet i heile landet. For meg og Senterpartiet er det uaktuelt å gje meir makt til EU, dette var grunnen til at Senterpartiet valgte å gå ut av regjering tidligare i år.
For meg er det underleg at partier som Høgre og Venstre snakker om viktigheten av rimeleg strøm for norsk næringsliv, for så aktivt gå inn for å knytte oss enda nærmere det Europeiske strømmarkedet gjennom EU`s fjerde energipakke og EU medlemskap. Dette er oppskrifta på ei kraftig svekking av konkuranssefortrinnet som norsk næringsliv har hatt gjennom tilgang på rimeleg strøm.