Tromsø er populær blant turistar. Biletet er frå 2020. Foto: Rune Stoltz Bertinussen / NTB / NPK
Tromsø er populær blant turistar. Biletet er frå 2020.

Rekordmange overnattingar i Noreg i februar

Det var 2,3 millionar overnattingar ved norske hotell, campingplassar og andre overnattingsstader i februar. Det er rekord for februar månad, ifølgje SSB.

Publisert Sist oppdatert

– Aldri før har det vorte registrert så mange overnattingar i Noreg i februar månad. Det var veksten i utanlandske overnattingar som bidrog til rekorden, seier seniorrådgivar Kristin Aasestad i Statistisk sentralbyrå
(SSB).

Den totale veksten er på 2,1 prosent frå februar i fjor, medan veksten berre i utanlandske overnattingar er på heile 10 prosent. Overnattingar frå nordmenn utgjorde 1,5 millionar og er ned 1,5 prosent. Dette er det lågaste talet for februar sidan 2022.

Tala omfattar kommersielle overnattingsstader – hotell, hyttegrender, campingplassar og vandrarheimar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS