Tom Roger AadlandFoto: Thomas Mortveit
Tom Roger Aadland

Songtekstane til Tom Roger Aadland kjem i bokform

Rockepoeten samlar 25 års tekstproduksjon i ny bok frå Fonna Forlag.

Publisert Sist oppdatert

Til hausten gir Fonna Forlag ut boka Alle dei i ei – Songlyrikk 1999–2024, der heile songkatalogen til Tom Roger Aadland frå soloprosjekta hans blir samla mellom to permar. Aadland har etablert seg som ein av dei mest kritikarroste låtskrivarane i landet, og i denne boka får lesarane eit samla innblikk i lyrikken hans frå 25 år med musikk.

Frå Dylan på nynorsk til eiga røyst

Gjennombrotet kom i 2009 med albumet Blod på spora, der han tolka Bob Dylan på nynorsk. Etter det byrja han å skriva eigne songar på nynorsk, og sidan har han gitt ut elleve album som har fått brei kritikarros. Songar som Like til mi dør» og Min beste ven på ein dårleg dag» har fått mykje speletid på norsk radio, og Aadland har også skrive tekstar for kjende artistar som Hellbillies og Vamp. Han har hatt samarbeid med både Kjartan Fløgstad og Trygve Skaug. I den nye boka er det Aadland sine eigne songtekstar som står i sentrum – frå debut til i dag.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS