Vindafjord ungdomsråd. Vindafjord ungdomsråd frå eit tidlegare møte. Framme frå venstre: Hallvard Øvstedal, Sigrun Risøy, Sina Nøkland og Astrid Håvarstein Lothe.Bak frå venstre: Rut Jøri Mangrud Eidhammer, Sofie Ihle, Lovise Skrunes.Arkivfoto: Anne Mette Klungland, Vindafjord kommune.
Dagens Vindafjord ungdomsråd frå eit tidlegare møte. Framme frå venstre: Hallvard Øvstedal, Sigrun Risøy, Sina Nøkland og Astrid Håvarstein Lothe.Bak frå venstre: Rut Jøri Mangrud Eidhammer, Sofie Ihle, Lovise Skrunes.

Debatt

Ungdomsrådet i Vindafjord: Ølen må bevarast som hurtigbåtanløp

Me i ungdomsrådet i Vindafjord kommune er negative til at hurtigbåten ikkje lenger skal gå i frå Ølen. Allereie i dag er kollektivtilbodet i distriktet mangelfullt, og ved å fjerne anløpet i Ølen, vil situasjonen bli enda verre for fleire aldersgrupper i kommunen.

For mange er båten ein viktig del av kvardagen, enten for å komme seg til skule, jobb, familie og venner. Ved at Ølen ikkje lenger er ein del av ruteplanen vil det gjere det enda meir tungvindt å komme til Bergen. Sjølv om båten framleis vil gå i frå Skånevik vil det vera vanskeleg å komme seg der til, fordi det er få offentlege transportmoglegheiter frå Ølen til Skånevik.

For studentar som studerer i Bergen, vil endringa gjere det vanskelegare å komme seg heim i helgene for å jobbe og treffe familie. Ved å fjerne anløpet i Ølen kan det hende studentane vel å ikkje komme heim så ofte som gjer at ein mister arbeidskraft og ein mister moglegheita til å skaffe seg arbeidserfaring. Det er også meir miljøvennleg å ta båt i staden for å køyra sjølv.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS