Fysioterapeutane Anna Sørum (t.v.) og Gunvor Johansson Garvik skal leie temakvelden. FOTO: PRIVAT
Fysioterapeutane Anna Sørum (t.v.) og Gunvor Johansson Garvik skal leie temakvelden.

Vil hjelpe til med å få livet i balanse

Etne og Vindafjord Mental Helse inviterer til temakveld om kvardagsaktivitet og psykisk helse komande torsdag kveld. Fysioterapeut Gunvor Johansson Garvik ser fram til å leie kvelden saman med kollega Anna Sørum.

Publisert Sist oppdatert

— Me kjem til å snakke litt generelt om fysisk aktivitet og korleis det påverkar både fysisk og psykisk helse. Blant anna kjem me til å ta for oss korleis ein kan få inn fysisk aktivitet i eit travelt liv, seier fysioterapeut Gunvor Johansson Garvik.

Temakvelden blir arrangert i kafeen på Sjøperlo i Ølen og er open for alle. Dette er Johansson Garvik og kollega Anna Sørum sitt første oppdrag i regi av Frisklivssentralen, som startar opp si første gruppe i veke 17 (veka etter påske).

Arrangementet er gratis. Ein melder seg på ved å kontakte Sølvi Eide Lunde, og det er ikkje noko påmeldingsfrist.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS