Vil ikkje leggje ned sjukeheim
Ei arbeidsgruppe i Vindafjord kommune foreslår å ikkje flytte sjukeheimsdelen ved Ølen omsorgssenter til Vindafjordtunet i Vats.
— 0-alternativet minskar uro for bebuarar, pasientar, tilsette og pårørande. Dette gjeld både for institusjon og heimetenestene, sa kommunalsjef Sigurd Gjerdevik i eit formannskapsmøte tysdag, kor han presenterte arbeidsgruppa si anbefaling.
Dette alternativet går ut på å halde fram med sjukeheimsdrift både på Ølen omsorgssenter og Vindafjordtunet i Vats, slik som i dag, med visse justeringar. Gruppa har også vurdert eit 50/50-alternativ, som går ut på at korttidsavdelinga blir verande i Ølen omsorgssenter og lagt under heimetenesta, medan den somatiske avdelinga blir flytta til Vindafjordtunet. Dei har òg vurdert 100-prosent-alternativet, som går ut på at all sjukeheimsdrift blir samla på Vindafjordtunet.
Dyrt
I budsjettet for 2025 og økonomiplanen for 2025–2028 blei det vedteke at kommunedirektør Yngve Folven Bergesen kan setje i gang arbeidet med å potensielt samle institusjonsplassane på Vindafjordtunet. Med dette grunnlaget blei arbeidsgruppa oppretta. Fredag leverte dei si anbefaling til styringsgruppa til kommunedirektøren.
— Samanslåing av institusjonsdrift med dagens bygg vil krevje ombygging og/eller alternativt tilbygg med tilhøyrande økonomiske konsekvensar, sa Gjerdevik.
Under spørsmålsrunden fortalde han at dei nødvendige investeringane for å gjere Vindafjordtunet til den einaste sjukeheimen i kommunen på kort sikt, ville kunne bli 20–30 millionar kroner. Dette ser han som mykje å bruke på eit midlertidig tiltak, i lys av at det er klare tankar om at ein skal utforske høve for å byggje ein heilt ny sjukeheim på sikt.
— Omgjering av dagens tenester, endring frå omsorgsbustader med tilsyn til heildøgns omsorgsbustader, vil auke ressursbehovet, sa kommunalsjefen.
Vil bruke kompetansen rett
Arbeidsgruppa foreslår fleire mindre endringar, sjølv om dei ikkje går inn for ei stor omlegging. Mellom anna foreslår dei at vaksinekontoret flyttar ut frå Ølen omsorgssenter, for å frigjere plass til heildøgns omsorg. Dei vil også gjere om avdelinga Tinden på Vindafjordtunet til heildøgns omsorgsbustader.
— Fleire identifiserte interne omgjeringar kan gi gode driftsforbetringar. Utvikling mot felles mål gir riktigare energibruk, sa Gjerdevik.
Eit sentralt punkt i fleire av forslaga handlar om korleis kommunen skal nytte dei som jobbar innanfor helse best mogleg. Dei viser til viktigheita av systematisk arbeid med oppgåvedeling i alle tenester og einingar.
— Me må vere meir gjerrige på kompetansen vår, sa kommunalsjefen.
Andre yrkesgrupper enn helsearbeidarar bør etter arbeidsgruppa si oppfatning ta over praktiske arbeidsoppgåver som går utover tida til helsepersonell. Kommunedirektør Yngve Folven Bergesen fortalde at administrasjonen vil sjå vidare i prosessen om det blir behov for ei politisk sak, og at hans første tanke er at det er ei avgjerd rundt Tinden som kan vere mest aktuell for det.
Held på langsiktig plan
Formannskapet lytta nøye til presentasjonen. Ordførar Ole Johan Vierdal (Sp) meinte det var nyttig å ha gått gjennom prosessen, sjølv om ein ikkje landa på det mest drastiske alternativet. Han meiner dette gir viktig lærdom til framtidige saker.
Gerd Kvamme (FrP) var skeptisk til å flytte dagsenteret ut frå Ølen omsorgssenter, men positiv til at fleire yrkesgrupper kan bli involverte. Ho sakna vurdering av tilbod for alderspsykiatri.
Eit punkt i anbefalinga er å starte prosessen mot ein ny sjukeheim. Arbeidsgruppa understrekar at målet om ein felles sjukeheim bør liggje fast. Øyvind Valen (Ap) poengterte at ein ny sjukeheim kan koste 500–600 millionar å byggje, og at han ikkje ser at kommunen har desse pengane. Anna Klette Steinsland (Vindafjordlista) tok til orde for at kommunen må vurdere om dei kan gjere noko med dagens bygg.
Det politiske fleirtalet valde å ta ut administrasjonen sitt forslag om å leggje inn kostnadane til bygging av ein ny sjukeheim frå det siste året av økonomiplanen for 2025–2028 i sitt vedtak i desember. Det skal i staden etter kvart komme ei sak som belyser tematikken. Kor og korleis ein eventuell ny sjukeheim blir, er førebels ikkje skissert.