Næringsliv 2025 på Olalia.
Vinnarane representert ved Rune Furseth (f.v.), Janne Larsen Sævareid og Per Inge Sandvik frå høvesvis AdmMit AS, Larsen Bakeri AS og Sandvik Service Solutions AS. .
Næringsliv 2025 på Olalia.
Rune Furseth framheva dei tilsette i takketalen.
Næringsliv 2025 på Olalia.
Janne Larsen Sævareid var glad for utmerkinga.
Næringsliv 2025 på Olalia.
Her takkar Per Inge Sandvik for prisen som årets nykomar. Fra venstre er Maghild Gravelsæter Våge, Anders Hundseid, Lars Olav Larsen og Per Inge Sandvik.

AdmMit vann kåringa

Kåringane var rosinene i pølsa på konferansen NæringsGIV på Olalia i dag. Årets bedrift vart AdmMit AS. Årets gründer vart Larsen Bakeri AS. I den nye klassen, årets nykomar, vart vinnaren Sandvik Service Solutions AS

Publisert Sist oppdatert

Som vanleg er det dei lokale bankane som saman med Fikse Næringsforening er jury og deler ut prisane. Sparebanken Norge var representert med Magnhild Gravelsæter Våge, Haugesund Sparebank var der med Lars Olav Larsen og SpareBank1 Sør-Norge med Anders Hundseid.

Årets bedrift 2025

Dei nominerte var Bjarne Nordtveit AS i Øvre Vats, AdmMit AS i Sandeid og Lauareid Service i Skånevik.

Det var AdmMit AS som strakk det lengste strået. Seriegründer og eigar Rune Furseth tok imot prisen. Lars Olav Larsen i Haugesund Sparebank understreka at verksemda er kjent for god service og djup kunnskap om eigenutvikla løysingar på ein nasjonal marknad.

Rune Furseth framheva dei tilsette i takketalen.

Årets gründer 2025

Dei nominerte var Silde AS i Etne, Vindafjord Biovarme DA i Skjold og Larsen Bakeri AS i Skånevik.

Årets gründer blei Larsen Bakeri AS. Janne Larsen Sævareid påpeika med eit stort smil at det er spesielt at ei familieverksemd gjennom generasjonar får pris som gründer, men argumentasjonen frå juryen var at ho har tilpassa bakeriet i ei tid kor det er typisk at slike verksemder slit.

Magnhild Gravelsæter Våge gir her gründerprisen til Janne Larsen Sævareid. Anders Hundseid og Lars Olav Larsen (delvis skjult) bak.

Årets nykomar

Nominert var Prefabpartner AS i Ølen, Sandvik Service Solutions AS i Skjold og Havreberg Coaching i Etne,

Vinnaren vart Sandvik Service Solutions AS. Gründer og eigar, Per Inge Sandvik tok imot prisen etter å ha høyrt juryen si vurdering om at verksemda leverer høg kvalitet gjennom eit sterkt lag tilsette. Vikedalsbuen Per Inge Sandvik har seinare år flytta verksemda frå Vikedal, via Nedre Vats, til Skjold.

Den nye leiaren av Fikse Næringsforening, Stian Skarheim Magelssen, var ein utmerka konferansier for konferansen som Grannar kjem tilbake til i ein eigen artikkel.

Her takkar Per Inge Sandvik for prisen som årets nykomar. Fra venstre er Maghild Gravelsæter Våge, Anders Hundseid, Lars Olav Larsen og Per Inge Sandvik.
Powered by Labrador CMS