Næringsliv
AutoStore samlar alle i Vats
— Årsaka er at me over tid har sett at me har ein overkapasitet på kontorplassar totalt på Haugalandet, fortel HMS- og administrasjonsansvarleg Audhild Rygg.
Hovudkontoret deira ligg i Åmsosen i Nedre Vats.
Utfordrande arbeidsmarknad
AutoStore blei grunnlagt i Nedre Vats i 1996 og er i dag verdsleiande innan automatiserte lagersystem. Selskapet har levert om lag 1 650 system i 58 land, og har kontor i mellom anna USA, Storbritannia, Tyskland, Sør-Korea og Japan. I 2024 hadde dei inntekter på 601,4 millionar dollar, eller rundt 6,7 milliardar norske kroner.
Rygg forklarar at dei har sett at veksten i selskapet har skjedd på andre lokasjonar enn dei såg føre seg då dei opna kontor i Haugesund, mykje på grunn av det sterke næringslivet i området, som tidvis gjer det vanskeleg å få tak i rett kompetanse lokalt.
Store planar
Bedrifta har sagt opp ein leigeavtale i Haugesund når dei stenger kontoret sitt der. Dei tilsette blei informerte for nokre veker sidan. Som følgje av flyttinga er det no om lag 40 tilsette busette på Haugalandet som endrar arbeidsplass frå Raglamyr til Vats.
— Me ser fram til å samla dei tilsette på ein felles lokasjon, seier Rygg.
Det blir no cirka 160 tilsette i AutoStore i Vats. Sjølv om det blir fleire no, er det ikkje sikkert at AutoStore kjem til å bli verande i bygda på lang sikt.
Då Hatteland-konsernet selde AutoStore til svenske EQT i 2016, inngjekk selskapet ein ti år lang leigeavtale med Hatteland-konsernet om leige av lokalet selskapet var etablert i. No går leigeavtalen snart ut, og mykje tyder på at AutoStore flyttar til Aksdal i Tysvær.
I februar stadfesta kommunedirektør Sigurd Eikje i Tysvær kommune at kommunen er samd med AutoStore om sal av to tomter i Aksdal. Tomtene det er gjort avtale om, er rådhustomta samt parkeringstomta utanfor rådhuset.
— Det er ikkje gjort noko styreavgjerd, men planane ligg klare, avsluttar Rygg.