I vinter er det påvist 59 til 66 ulvar i Noreg, ifølgje nettstaden. Sju av ulvane som er ein del av bestandstalet i vinter, vart felte i løpet av vinteren, to av dei utan fellingsløyve. Det blir etterforska som illegal jakt av Økokrim.
– Når dei døde ulvane er trekte frå, vart det i vinter påvist totalt 52–59 ulvar i heilnorske revir, på vandring i Noreg eller i grenserevir. Dette er på same nivå som året før, då det vart påvist 55–57 ulvar etter at 26 døde ulvar var trekte frå, seier Petter Wabakken, prosjektleiar for ulveovervaking ved Universitetet i Innlandet til Rovdata.
I 2024 vart det påvist tre nye kvalpekull i heilnorske revir. Slår ein saman desse med kvalpekulla fødd i grenserevir mellom Noreg og Sverige, endar ein på 4,5 ulvekull, som er innanfor Stortingets nasjonale bestandsmål mellom 4 og 6.
Rapporten frå Universitetet i Innlandet på oppdrag frå Rovdata er berre førebels. Ein sluttrapport med endelege konklusjonar om bestandsstatus for ulv i Noreg og totalt i Skandinavia vil bli gjort ferdig 1. juni.
(©NPK)