Gunnar Birkir Gunnarson skal leie AdmMit i Sandeid. FOTO: PRIVAT
Gunnar Birkir Gunnarson skal leie AdmMit i Sandeid.

Flyttar til bygd og leiarjobb

Publisert Sist oppdatert

— Dette er noko me har hatt litt i bakhovudet at me kanskje ein gong kunne få til, og no passa det godt. Me gler oss stort til å flytta til Kvio. Det skal bli godt å få det litt meir landleg, og me trivst veldig godt på den plassen, seier Gunnar Birkir Gunnarsson.

I 2018 kjøpte han og kona Hilde Aasheim eit nedlagt gardsbruk i Berge i Litledalen, ikkje så langt unna der ho vaks opp. Han seier at dei har selt unna jorda, men har eit fint gardstun, ei løe og eit hus.

— Kanskje det blir nokre høner og litt grønsaksdyrking, men det held nok der, fortel Gunnarsson.

Han seier at kona er kreftsjukepleiar og familieterapeut, og skal i jobb i løpet av hausten om ho finn det rette.

Ny utfordring

2. juni startar Gunnarsson som dagleg leiar i AdmMit. Han kjem frå stillinga som administrerande direktør i MDE Norway i Stavanger, og har lang leiarerfaring. Før MDE jobba han mellom anna som divisjonsdirektør i Personalhuset. Han er utdanna ved Universitetet i Stavanger med bachelorgrad i personalleiing og samfunnsfag.

— Tidlegare verksemder eg har leia har vore noko større, og stort sett operert innan marknaden for rekruttering og konsulentutleige, hovudsakleg inn mot energisektoren, seier Gunnarsson.

Arbeidskvardagen frå sommaren av blir ny på fleire måtar. AdmMit er eit digitalt styringssystem for verksemder med personell og materiell. Systemet er utvikla for transport- og entreprenørbransjen, men kan òg brukast innan andre bransjar. Ved inngangen til 2024 passerte bedrifta 300 kundar med over 14 000 brukarar, og er representert i alle fylka i landet. Dei har hovudkontor på Medvind-kontoret i Sandeid.

— Eg har ikkje jobba med programvare før, så det er spennande å få jobba med kombinasjonen av teknologi og menneske i ei tenesteleveranse, seier den komande daglege leiaren.

Hilde Aasheim og Gunnar Birkir Gunnarsson med barna Brage Aasheim Gunnarsson (t.v.),Olav Aasheim Gunnarsson og Gunnar Aasheim Gunnarsson. Brage og Olav blir med på flyttinga til Etne.

God timing

Spurt om ambisjonane for AdmMit på kort sikt svarar Gunnarsson at han først og fremst vil bli godt kjend med folka, kundane og marknaden selskapet opererer i. På lang sikt skal dei jobba for å skapa nøgde kundar og tilsette, som igjen skal føre til vekst.

Bedrifta i Sandeid si utvikling har blitt lagt merke til lokalt. Dei er nominerte til Årets bedrift på NæringsGIV, som blir delt ut på Olalia Fjellstove torsdag. Den komande leiaren synest det er veldig stas.

— Etne og Vindafjord har eit sterkt og allsidig næringsliv, og då er det ei kjekk anerkjenning for folka i AdmMit å få ei slik nominasjon, seier Gunnarsson.

Då familien først bestemte seg for å flytta til Etne, synest Gunnarsson at jobben i AdmMit verka spennande. Han meiner at det verkar som ein solid programvare og eit godt produkt i botn, og ser stort potensial for vekst – og kjekke folk som jobbar der.
Jon Bryøen (f.v.), Andreas Reinholdt, Ørjan Fitje, Astri Håkull, Erlend Sørhus, Cecille Klev, Martine Dobrée-Bell, Øyvind Hatland og Stian Furseth i AdmMit.
Powered by Labrador CMS