Vindafjordhallen
Fulle basseng
Prosjektleiar Frode Eike i Vindafjord kommune fortel at entreprenøren GL Prosjektservice reknar med at temperaturen i bassenga skal vere 28 og 34 grader denne veka.
Haugesunds Avis, som var først ute med å omtale at bassenga var i ferd med å bli fylte, skreiv at fyllinga av dei to bassenga starta 22. april og skulle ta fire dagar. Kva tid anlegget opnar for bading, og bygdahuset er klart for aktivitetar, er ikkje endeleg fastsett. Då Grannar tok turen torsdag denne veka, blei det framleis jobba både på innsida og utsida av den nye storstova, men det er tydeleg at arbeidet nærmar seg ferdig.
Vindafjord kommune skal drifte symjehalldelen av den nye storstova, medan Vindafjordhallen SA skal drifte bygdahusdelen. Styreleiar Janne Urdal Aursland fortel at det ikkje blir offisiell opning med feiring før etter sommarferien, og at dei samarbeider med kommunen om planar rundt dette.
— Me set av ei heil veke med ulike arrangement i veke 34, og storfest laurdag 30. august veka etter, seier styreleiaren.
Ho understrekar at det er eit lite atterhald om at alt dette ikkje er endeleg avklart enno, så dei kjem tilbake med meir informasjon litt seinare.