Gåve gir nye golfmoglegheiter
Ei gåve frå Sparebanken Norge gjer at Skånevik Golfklubb kan investere i ein splitter ny golfsimulator av typen Trackman. Snart kan ein spele golf mot folk i heile verda frå rommet like ved Skånevik kultur- og idrettshall.
— Me er utruleg takksame. Dette er som julaftan for oss, sa leiar Jon Helge Garvik Arefjord i Skånevik Golfklubb, då dei fekk tildelt ein sjekk på 333.750 kroner av Maren Tungesvik Tveiten i Sparebanken Norge tysdag.
Summen svarar til kostnaden for den nye simulatoren. I tillegg til leiaren tok Bent Kvamme, Ole Johansen, Torkel Evenseth og Torleiv Sydnes imot gåva på vegner av klubben. Det blei feira med kake og litt spel på dagens simulator, medan klubben fortalde korleis den fungerer.
Frå restar til toppmoderne utstyr
Utdelinga fann stad i den raude garasjen bak Skånevik kultur- og idrettshall, der golfsimulatoren held til. Sidan oppstarten rundt jul har klubben hatt ein brukt simulator som dei kjøpte av Haugesund Golfklubb. Den er godt utstyrt med både to komplette sett med køller og eit eige barnesett til utlån. Dei som vil, kan òg ta med eigne køller.
— Simulatoren me har no har fungert kjempegodt, men den er gammal. Med den nye vil me kunne spele mot folk frå heile verda, fortalde Garvik Arefjord.
Trackman, som blei etablert i Danmark i 2003, er i dag verdsleiande innan utvikling av radarteknologi for golf. Selskapet er offisiell leverandør av klubb- og ballsporing, samt data til PGA-touren for bruk i TV-sendingar og digitale plattformer.
Den nye modellen klubben skal få – Trackman iO – kombinerer radar med høghastigheits infraraud bildehandsaming for å fange heile spekteret av data utan behov for ekstra lys. Simulatoren blir montert i taket over speleområdet, noko som gjer at det ikkje er behov for ekstra plass verken framfor eller bak ballen. Alt som trengst, er nok rom til å svinge golfkøllene.
— Framover skal me gjere ein del dugnad. Blant anna skal me lage ei meir proff innreiing som dempar ballen betre, fortalde leiaren.
Ein draum
Sidan oppstarten har mellom 150 og 200 personar vore innom for å prøve simulatoren. I dag har klubben rundt 25 medlemmar. For å spele sjølvstendig i simulatoren må ein ha gjennomført nybegynnarkurset Veien til golf». Når ein har registrert medlemskap, kan ein avtale tid for opplæring i bruk av utstyret. Det er òg mogleg å avtale lukka arrangement med klubben.
Så langt har det vore langt til næraste golfsimulator, men no held ei gruppe på med eit prosjekt for å få ein i Etne også. Torkel Evenseth ser berre positivt på det og viser til at det tidvis kan vere trongt om plassen i Skånevik – og truleg vil bli det i Etne også. Han takkar Maren Tungesvik Tveiten i Sparebanken Norge for både hjelp med søknad og gåva dei har fått.
— Det er ein draum som blir oppfylt med simulatoren, sa Evenseth.
Auka buattraktivitet
Satsinga deira er eit nullprofittprosjekt. Evenseth fortalde at dersom dei nokon gong skulle tene pengar, vil dei gå tilbake til miljøet her i Skånevik. Då dei kom med ideen, var det noko dei tenkte ville vere med på å dra folk til bygda. I dei seinare åra har det kome fleire tilskot til fritidstilbodet i Skånevik.
— Folk som meg, som har tenkt på å flytte herifrå, tenkjer ikkje på det no. Tenk om me hadde fått ein minigolfbane i området også, sa Evenseth med eit smil.
Etter å ha bestilt fortel Garvik Arefjord at dei har fått tilbakemelding om at det ikkje er så lang leveringstid på simulatoren. Han vil tru den er på plass innan ein månads tid og at dei vil prøve å ha den klar til bruk i løpet av juli. Tungesvik Tveiten uttrykte stor glede over å kunne støtte prosjektet.
— Me syntest dette var eit flott tiltak. Det er fantastisk å sjå kor mykje aktivitet det er samla her i området, sa ho.
Sparebanken Norge har nyleg også gitt støtte til andre tiltak i Skånevik, som 39.000 kroner til Skånevik Discgolf for vedlikehald og utvikling av banen som ligg i kort avstand frå idrettshallen, med to fotballbanar på vegen. Banken gjer for tida fleire utdelingar. Blant anna fekk ein tursti i Skånevik 35.000 kroner til plankar.