Arild Urdal (t.v.), Torleif Stople og Harald Selsaas i Vindafjord Biovarme DA er glade for å ha flisfyringsanlegget i Vats i drift. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Arild Urdal (t.v.), Torleif Stople og Harald Selsaas i Vindafjord Biovarme DA er glade for å ha flisfyringsanlegget i Vats i drift.
Anlegget har stor lagringsplass for flis. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Anlegget har stor lagringsplass for flis.
Fliskjela til anlegget står midt i anlegget. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Fliskjela til anlegget står midt i anlegget.
Vats er den andre plassen kor Vindafjord Biovarme har fått på plass eit flisfyringsanlegg. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Vats er den andre plassen kor Vindafjord Biovarme har fått på plass eit flisfyringsanlegg.
Ein oljekjel, som er backup til om flisfyringa ikkje skulle fungere i periodar. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Ein oljekjel, som er backup til om flisfyringa ikkje skulle fungere i periodar.
Varmen går i røyr. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Varmen går i røyr.
Torleif Stople viser fram kontrollsystemet. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Torleif Stople viser fram kontrollsystemet.
Torleif Stople ved flislageret. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Torleif Stople ved flislageret.
Harald Selsaas (t.v.), Torleif Stople og Arild Urdal i Vindafjord Biovarme inne i anlegget. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Harald Selsaas (t.v.), Torleif Stople og Arild Urdal i Vindafjord Biovarme inne i anlegget.
Flisfyringsanlegget ligg like ved den nye Vindafjordhallen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Flisfyringsanlegget ligg like ved den nye Vindafjordhallen.
Anlegget har stor lagringsplass for flis. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Anlegget har stor lagringsplass for flis.
29. april kom anlegget i drift. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
29. april kom anlegget i drift.
Vindafjord Biovarme vann ein konkurranse om å få byggje anlegget. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Vindafjord Biovarme vann ein konkurranse om å få byggje anlegget.

Energi

I gang med kortreist varmeproduksjon

Publisert Sist oppdatert

— Det kjennest bra å ha anlegget klart, seier Torleif Stople i Vindafjord Biovarme, som saman med Harald Selsaas, Hans Inge Øglænd og Arild Urdal står bak selskapet.

Anlegget har ein prislapp på 13,5 millionar kroner, der Innovasjon Noreg har bidrege med 5,8 millionar i støtte. Bedrifta har òg investert 1,2 millionar kroner i eigne midlar, medan resten er finansiert gjennom lån. Med to store flisomnar og ein reserveoljefyr skal dei levere 85 grader varmt vatn gjennom godt isolerte røyr fram til bygg i nærområdet.

Selsaas er også fornøgd med at anlegget er i produksjon. Han seier at det har gått veldig bra og raskt så langt, med ingen store forseinkingar,

— Me har hatt meir framdrift enn eg torde å håpe på, fortel Selsaas.

Anlegget har stor lagringsplass for flis.

Varmar storstova

Det første bygget som får varme frå det nye flisfyringsanlegget, er Vindafjordhallen, som nærmar seg klar til bruk. Vedtaket om å byggje anlegget blei gjort i samband med prosessen om å byggje opp att Vats si storstove etter brannen i 2019, og fekk stor politisk støtte frå mellom anna ordførar Ole Johan Vierdal (Sp).

I konkurranse med ein annan aktør vann Vindafjord Biovarme i 2024 oppdraget om å drive eit biovarmeanlegg med ein avtaleperiode på 20 år, med opsjon på fem år til.

— Det er stas å få levere varme til eit signalbygg som Vindafjordhallen. Me har tru på å bruke lokale ressursar, seier Stople.

Neste store milepæl for anlegget blir å få levert varme til Vindafjordtunet. Det arbeidet er planlagt fullført hausten 2025. Stople fortel at det skal leggjast røyr frå anlegget og bort til sjukeheimen. Dei skal følgje den kommunale grøfta ned til vegen og så grave vidare sjølve.

Selskapet har òg opsjon på å levere varme til Vats skule. Stople seier at det er opp til Vindafjord kommune når dei eventuelt vil ta i bruk denne, og at dersom kommunen set i gang, skal dei levere.

Opne for meir i framtida

Flisfyringsanlegget i Vats er dimensjonert for å produsere 1,4 millionar kilowattimar (GWh) i året, med moglegheit for å auke til over 2 millionar. Sidan 2006 har dei òg drive eit anlegg i Ølen, som produserer 2,3 GWh årleg. Dette leverer varme til Vindafjord rådhus, basseng-/gymsalbygget på Ølen skule, legesenteret/brannstasjonen, Ølen omsorgssenter, Sjøperlo og Ølen vidaregåande skule.

Førebels har ikkje Vindafjord Biovarme fleire konkrete prosjekt i sikte, men dei held døra open for nye moglegheiter. Stople seier at dei må sjå kva som dukkar opp. Han peikar på at eit flisfyringsanlegg krev ein del effekt for å kome ned på ein forsvarleg energipris. No er dei mest fokuserte på anlegget i Vats.

— Dette har vore eit ganske stort prosjekt for oss. Me må få det opp å gå skikkeleg, men det ser ganske lovande ut. Me har vore i drift i over ei veke utan ei einaste feilmelding, seier Stople.

Fliskjela til anlegget står midt i anlegget.

Kan vinne gründerpris

Satsinga til dei lokale bøndene har vekt merksemd hos fleire. Vindafjord Biovarme er nominert til prisen Årets gründer» under NæringsGIV 2025, som blir delt ut 22. mai.

— Det er stas at dei ser på slike små bedrifter som har ei nisje me bidreg i, seier Stople.

Fikse Næringsforening, som er ein av arrangørane bak NæringsGIV, skriv i eit Facebook-innlegg at varmen og energien Vindafjord Biovarme leverer er svært viktig i det grøne skiftet, avlastar det ordinære straumnettet og er med på å sikre lokal beredskap og tryggleik.

Harald Selsaas (t.v.), Torleif Stople og Arild Urdal i Vindafjord Biovarme inne i anlegget.
Powered by Labrador CMS