I mai blei Skakke-saka avgjort i eit ekstraordinært kommunestyremøte. Fotomontasje av Rune Ramsvik, Kenneth Karlsen og Filippo Ballarin, samt Skakke.
I mai blei Skakke-saka avgjort i eit ekstraordinært kommunestyremøte. Fotomontasje av Rune Ramsvik, Kenneth Karlsen og Filippo Ballarin, samt Skakke.

Nytt avtaleutkast for Skakke

Etne kommune har sendt eit oppdatert utkast til avtale om framtidig drift og eigarskap i Skakke SA til Sparebankstiftinga Etne. Dokumentet inneheld nye punkt og justeringar i tråd med formannskapsvedtaket, og i dag, måndag, skal det heile avgjerast i kommunestyret.

Publisert Sist oppdatert

Det første utkastet rundt ny Skakke-avtale, blei sendt frå Etne kommune til Sparebankstiftinga Etne onsdag 14. mai. Utkastet bygde på tidlegare versjonar, men var oppdatert med fleire nye formuleringar frå kommunen si side. Sparebankstiftinga Etne sende sitt svar same kveld. Eit hovudelement i avtalen er at Sparebankstiftinga Etne forpliktar seg til å gi ei pengegåve på inntil 30 millionar kroner til Skakke SA som skal nyttast til å innfri eksisterande gjeld og styrka eigenkapitalen slik at selskapet kan dannast om til eit ideelt aksjeselskap. For at dette skal vere mogleg, legg avtalen opp til at Etne kommune skal ettergi sitt lån til Skakke SA på om lag fire millionar kroner, inkludert renter.

Krav til omdanning og vedtekter

Omdanninga inneber at Skakke SA skal opphøyra som samvirkeforetak og førast vidare som eit aksjeselskap utan moglegheit for å dela ut utbytte. Dei nye vedtektene skal innehalda krav om at overskot frå drifta skal gå tilbake til selskapet, og at eigarane ikkje kan ta ut gevinst i form av utbytte, lån eller avkastning. Det blir også stil krav til at alle styreprotokollar skal vere offentleg tilgjengelege. Sparebankstiftinga Etne skal i tillegg få ei særskild B-aksje som gir særlege rettigheiter i saker som handlar om grunnleggjande vedtektsendringar.

Hei!
Du må ha eit aktivt abonnement for å lese vidare.

Eksisterande kunde?

Logg inn her

Har du ikkje abonnement?

Bli abonnent

Powered by Labrador CMS