Politiet opprettar minnedag for folk som døyr i tenesta

Politiet opprettar minnedag for folk som døyr i tenesta

Politidirektør Håkon Skulstad har vedteke at det skal opprettast ein minnedag for politifolk som døyr i tenesta.

– Det å ta vare på medarbeidarane og vise at vi verdset arbeidet som blir gjort, er viktig. Ein minnedag er eit høve til å markere dette og saman minnast politifolk som har mista livet i teneste, seier politidirektør Håkon Skulstad i ei pressemelding.

Politidirektoratet skriv i pressemeldinga at datoen for ein slik minnedag er noko dei må komme tilbake til.

Direktoratet skal også undersøkje om det er mogleg å opprette eit minnesmerke for dei som har mista livet i teneste for politiet.

(©NPK)