Håvard Matre.
ARKIVFOTO: TORSTEIN TYSVÆR NYMOEN
Debatt
Skakkesaka – Drift og bemanning på huset
Kommunedirektøren legg no fram ei sak for formannskapet der det blir tilrådd å velja alternativ 3. I dette alternativet overtek kommunen både lånet og eigarskapen til hallen som i dag ligg under Skakke SA.
Merk at dette innlegget ikkje er meint som kritikk av kommunen, politikarar eller andre involverte – det er berre flotte folk med gode intensjonar. Dette handlar nok i stor grad om prioriteringar, og kommunen må sjølvsagt ta omsyn til eigen framtidig økonomi – noko eg ikkje har full innsikt i.
Det eg derimot har litt innsikt i, er kva drifta av Skakke betyr for bygda – og kva det betyr for lag og foreiningar når dei skal drive i sin vante gong eller arrangere noko. Å ha drift på bygget inneber at ein møter serviceinnstilte folk som bidreg med praktisk hjelp og fungerer som eit informasjonsknutepunkt. Dette er svært tidsbesparande og senkar terskelen for å gjennomføre arrangement og aktivitetar. Dagens drift av Skakke er ein generator for meir aktivitet i lag og foreiningar enn det elles ville vore utan.
Med dette perspektivet i førarsetet, er det ingen tvil om at eit eventuelt sal av hallen vil vere eit skot for baugen for vidare drift – i alle fall slik me tenkjer drift i dag. Me risikerer å stå att med eit bygg det ikkje lenger er økonomisk grunnlag for å drifte.
Alternativ 3, som vert lagt fram for kommunestyret, omtalar vidare drift av Skakke. Eg gjentek dette for å understreka at drift» ikkje nødvendigvis betyr det same for kommunen som det gjer for brukarane.
Forretningsmodellen for drift av Skakke har vore basert på eit samspel mellom tre partar: lag og foreiningar, kommunen og andre bidragsytarar. Dersom idrettshallen vert overført til kommunen, vert balansen i dette samarbeidet endra.
Eg har ikkje sett nokon stresstest eller analyse som viser at Storsalen, kafeen og kinoen åleine kan bere drifta til Skakke SA. Dette skapar stor uvisse om vidare berekraftig drift.
Ein annan måte å sjå dette på, er at drifta av Skakke i dag er eit spleiselag mellom lag, foreiningar, stiftingar, sponsorar – og kommunen. Dersom hallen fell ut av spleiselaget, så forsvinn ein rett så ikkje ubetydelig del.
Å ha eit bemanna samfunnshus er ein draumesituasjon for ein tettstad – det er eit reelt konkurransefortrinn i kampen om å tiltrekkja seg nye innbyggjarar. Dagleg drift og tilgong til eit levande bygg utgjer ein stor skilnad.
Etter mi meining handlar det å velja alternativ 3 om me tør å setja dagens drift i spel – at me risikerer å stå igjen med eit bygg der ein har erstatta bemanning med ein tidslås på døra for delar av dagens opningstider.