Rune Sørheim (f.v.) og Kjell Thomas Kirketeig held fram som driftsleiar og dagleg leiar i Biovind under dei nye eigarane. Foto: Svein-Erik Larsen
Biovind, her med Rune Sørheim (t.v.) og Kjell Thomas Kirketeig, får støtte av EU til planane om eit biogassfabrikk i Ølen.

Energi

Stor motstand mot biogassfabrikk

Publisert Sist oppdatert

— Me meiner eit biogassanlegg må liggje milevis frå busetnad, og Ølen sentrum er difor heilt ueigna som lokasjon, står det i innbyggjarinitiativet som blei starta av Tore Tverå.

Per torsdag formiddag har initiativet fått 197 signaturar.

Til kommunestyret

I innbyggjarinitiativet blir det peikt på ei rekkje bekymringar: luktplager, støyforureining, risiko for forureining, mogleg helserisiko, trafikale utfordringar og korleis dette vil påverke buattraktiviteten i Ølen. Erfaringane med luktproblematikk frå Renevo sitt biogassanlegg på Stord blir brukte som døme på kva ein ønskjer å unngå i Ølen sentrum.

Kommunelova slår fast at innbyggjarinitiativ som blir signert av over to prosent av innbyggjarane i ein kommune, skal takast opp i kommunestyret innan seks månadar. I Vindafjord er kravet 180 signaturar. Onsdag opplyser kommunedirektør Yngve Folven Bergesen at han ikkje kjenner til om dette innbyggjarinitiativet er sendt inn til kommunen enno.

— Når me får det, vil me vurdere om vilkåra for innbyggjarinitiativ er oppfylte, og deretter vurdere kva grad av sakshandsaming som er nødvendig før saka kan leggjast fram. Eg reknar det som lite sannsynleg at me får dette opp til handsaming før sommaren, seier kommunedirektøren.

Tek uroa på alvor

Biovind AS har blitt førelagt innbyggjarinitiativet og nokre spørsmål kring det. Etter konferering internt i selskapet svarar driftsleiar Rune Sørheim på vegner av selskapet. Han fortel at dei tek innbyggjarinitiativet på alvor og har respekt for at folk har ulike synspunkt.

— Det har vore viktig for oss å ha ein open dialog med lokalsamfunnet, kommunen og politikarane, i tillegg til at me har følgt dei lovpålagde prosessane for å få nødvendige løyve på plass og sikre at alle partar blir høyrde, seier Sørheim.

Så langt opplever selskapet at dei har fått svært gode tilbakemeldingar og lokal støtte til prosjektet. Søknaden om utsleppsløyve hos Statsforvaltaren er no ute på høyring, og dei ser det som naturleg at det blir reist spørsmål og uro som prosjektet må svare på.

Trass dei positive tilbakemeldingane understrekar Sørheim at det har vore reist uro kring lukt, med bakgrunn i utfordringar Renevo på Stord hadde tidlegare. Som ein del av søknadsprosessen hos Statsforvaltaren om utsleppsløyve har Biovind henta inn store mengder historiske vêrdata og gjennomført ulike simuleringar av luktspreiing for å undersøkje korleis nærliggande bustadar kan bli påverka.

— Basert på denne analysen, som er utført av eit eksternt konsulentselskap, har me utarbeidd ei teknisk løysing som møter dei krava som blir stilte til luktutslepp, fortel driftsleiaren.

Lang prosess

Vegen mot eit potensielt biogassanlegg i Ølen starta i 2014, då Biovind blei etablert av Rune Furseth. Han fekk seinare med seg dei lokale eigarane Biobonden, Fatland, Nortura og Kjell Thomas Kirketeig. Selskapet fekk i 2023 45 millionar kroner i Enova-støtte, og i 2024 kom det spanske biogasselskapet Heygaz inn som hovudaksjonær med 70 prosent eigarskap. Heygaz er eigd av det franske investeringsselskapet Infravia Capital, som òg eig Molgas og Renevo.

Sjølv om planane har fått mykje medieomtale dei siste elleve åra, blir ikkje selskapet veldig overraska over at det kjem reaksjonar akkurat no. Sørheim viser til at søknaden om utsleppsløyve no er ute på høyring hos Statsforvaltaren. Som ein del av denne prosessen har naboar og andre aktørar høve til å kome med sine innspel og uttrykke sin uro, noko Biovind vil svare på.

— Me vil ta omsyn til innbyggjarinitiativet og vurderer korleis me kan tilpasse planane våre for å møte uroa som er reist. Det er viktig for oss å ha støtte frå lokalsamfunnet, og me vil gjere vårt beste for å sikre at prosjektet blir gjennomført på ein måte som er akseptabel for alle, seier Sørheim.

Vidare viser han til at søknadsprosessen hos Statsforvaltaren er laga for å ta imot innspel og uro, og at selskapet vil ta omsyn til dette i framdriftsplanen.

Strenge krav

Basert på arbeidet Biovind har gjort med analysar, simuleringar og etablering av det Sørheim omtalar som dei beste tilgjengelege teknologiane for å unngå luktproblem, meiner selskapet at dette gir tilstrekkeleg tryggleik for naboar og nærliggande bustader. Han poengterer at det likevel er viktig å understreke at høyringa er open, og at alle har rett til å kome med sine bekymringar.

Støy er ein annan viktig faktor Sørheim seier at selskapet tek omsyn til. Anlegget vil bli utforma med støyreduserande tiltak, og dei vil følgje alle krav og reguleringar for å sikre at støyen blir halden på eit akseptabelt nivå.

Biogassanlegg er underlagde strenge miljøkrav for å hindre forureining. Dette blir behandla i søknaden om utsleppsløyve som no ligg hos Statsforvaltaren. Her må Biovind grunngi sine tiltak og løysingar for å unngå forureining.

— Det er viktig å peike på at biogassprosjekt bidreg sterkt til å redusere klimafotavtrykket ved å fange metan og bruke det til energi, seier Sørheim.

Forbrenning av biogass slepp ut CO₂, men det er CO₂ som allereie er ein del av det naturlege karbonkretsløpet. Biogass er ifølgje Sørheim eit godt døme på sirkulærøkonomi i praksis, og ein viktig del av den fornybare energimiksen.

— Ein kan samanlikne biogass med eit kinderegg: Det løyser avfallsproblem, utnyttar ressursar og gir tilbake verdiar i form av biogjødsel og energi, seier driftsleiaren.

Dialog med kommunen

Biovind tek ifølgje Sørheim helserisiko på største alvor. Dei vil gjennomføre grundige risikovurderingar og følgje alle helse- og tryggleiksreguleringar for å sikre at anlegget ikkje medfører helsefare for innbyggjarane.

— Me har ikkje noko grunnlag for å seie at Biovind utgjer nokon helserisiko for innbyggjarane rundt anlegget, seier Sørheim.

Dei er klare over at auka trafikk kan skape uro, og vil samarbeide med lokale styresmakter for å sikre god trafikkflyt og at eventuelle utfordringar blir reduserte mest mogleg.

Avslutningsvis fortel driftsleiaren at dei har hatt god dialog med administrasjonen i Vindafjord kommune, og med formannskapet og politikarane, der prosjektet og søknaden til Statsforvaltaren har blitt presenterte. Dei set stor pris på samarbeidet og støtta dei har fått frå lokale styresmakter. Biovind ser fram til å halde fram dialogen med lokalsamfunnet for å sikre at prosjektet blir gjennomført på ein måte som er til det beste for alle.

Høyringsfristen for folk til å sende inn meininga si til Statsforvaltaren er 23. mai.

Powered by Labrador CMS