Stort etterslep på vedlikehald av fylkesvegane

Stort etterslep på vedlikehald av fylkesvegane

Med vår og berre vegar blir hol og skadar synlege. NAF fortel at det er stort etterslep på vedlikehald av fylkesvegane, men fylka har ikkje pengar til å oppgradere dei.

Fylka i Noreg brukte 16,5 milliardar på drift og vedlikehald av vegane i 2024, ifølge tal utarbeidd av Statistisk sentralbyrå (SSB) for Norges Automobil-Forbund (NAF).

I snitt brukte fylka 3764 kroner på vegvedlikehald per innbyggar. Likevel har mange kommunar store etterslep på vedlikehald. Det er verst i Finnmark.

– Etterslepet i Finnmark er veldig høgt. Det er berekna til minst 3,3 milliardar kroner, seier pressesjef i NAF Ingunn Handagard til NRK.

Ei av utfordringane for fylkeskommunen er at dei ikkje får låne pengar til vedlikehald.

– Fylka har allereie pressa økonomi. Dei slit med å prioritere nok pengar til å få ned etterslepet på fylkesvegane. Og for kvart einaste år blir det jo meir slitasje på vegane, seier Handagard

Staten har auka direkteløyvingane til fylkeskommunane, men kompenserer ikkje prisauken innan vegsektoren fullt ut.

Samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap), seier at fylkeskommunane sjølv må ta ansvar for eigne vegar.

– Det er jo slik med både fylkeskommunal og statleg veghandsaming, at vi har hatt ein periode med sterk prisvekst. Det har ramma både kommunar og stat, seier han.

(©NPK)