Stortingsrepresentant Lisa Marie Ness Klungland (Sp, t.h.) er glad for at Terje Halleland (Frp) sitt forslag gjekk gjennom komiteen. Her er dei med den tredje vindafjordingen, Tove Elise Madland (Ap), under ordføraren si nyttårsmottaking i januar.
ARKIVFOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Samferdsel
Stort steg mot trailer-ordning
Ein einstemmig transportkomité på Stortinget går inn for ei prøveordning for kolonnekøyring for tunge køyretøy over E134 Haukelifjell, etter forslag frå mellom andre Terje Halleland (Frp). Lisa Marie Ness Klungland (Sp) er glad for at sambygdingen sitt initiativ nærmar seg realitet, og ber samferdselsminister Jon-Ivar Nygård (Ap) få opp farten.
— No må statsråden få dette på plass slik at det er klart til neste kolonne! Det er utruleg at ei så enkel sak må gå via Stortinget, og trailerane har mista ein heil vinter på det, seier stortingsrepresentant Lisa Marie Ness Klungland (Sp).
Ein annan ølensbu, Terje Halleland (Frp), fremja eit representantforslag saman med partikollegaene Frank Edvard Sve, Morten Stordalen, Bård Hoksrud, Roy Steffensen og Morten Wold om prøveordninga. Forslaget blei sendt 20. februar, og tysdag blei det støtta i ei einstemmig innstilling frå transport- og kommunikasjonskomiteen.
— Eg er svært glad for innstillinga til komiteen. Dette er eit viktig vedtak som betyr mykje for næringslivet vårt. Ein årelang kamp kan få ei god utgang, og eg ser fram til å kome i gang, seier Halleland i ei pressemelding.