Mange flyktningar blir verande i kommunen dei blir busette i, spesielt barnefamiliar ønskjer ikkje å flytte på seg, viser ny forskingsrapport. Foto: Ylva Berg / IMDi
Mange flyktningar blir verande i kommunen dei blir busette i, spesielt barnefamiliar ønskjer ikkje å flytte på seg, viser ny forskingsrapport. Foto: Ylva Berg / IMDi

Dei fleste flyktningar blir verande i kommunen dei blir busett i

Det er myndigheitene som bestemmer kor flyktningar som kjem til Noreg skal bu. Ein ny rapport viser at dei fleste blir verande i kommunen dei blir busett i.

– Det er positivt at mange flyktningar ønskjer å bli verande i kommunen dei blir busette i, seier arbeids- og inkluderingsminister Tonje Brenna, i ei pressemelding frå Integrerings- og mangfaldsdirektoratet (Imdi).

Alle flyktningar som får opphald i Noreg, skal få ein ny heimstad i ein kommune. Ein ny rapport viser at to av tre flyktningar blir verande i den kommunen dei er busett i.

– Tala viser at busettingsmodellen treffer godt. Mange av kommunane i landet gjer ein god jobb med å busette og integrere flyktningane. Det er viktig for at dei skal kunne kome i arbeid og finne sin plass i lokalsamfunnet, seier Libe Rieber-Mohn, direktør i Imdi.

Naturleg nok vel nokre flyktningar å flytte. Grunnen til det er samansett, viser forskingsrapporten. Viktige faktorar er studiar, arbeidsmarknad, familie, manglande lokal integrering og mangel på tilbod innan utdanning og helse.

Blant dei som flyttar er det fleire einslege, unge menn, medan personar med barn ofte blir verande. Tendensane er at dei som flyttar gjerne drar frå dei minste og mest usentrale kommunane, til større stadar.

(©NPK)