Bjørn Tollefsen, Anne Marit Helgevold Heggebø og Johannes Helgevold er tre av namna som går igjen i siste nytt frå Brønnøysund. Foto: Privat
Bjørn Tollefsen, Anne Marit Helgevold Heggebø og Johannes Helgevold er tre av namna som går igjen i siste nytt frå Brønnøysund.

Helgevold blir ein del av ei nasjonal gruppering innen teknisk installasjon

Saman med tre andre selskap innan elektro, automasjon og ventilasjonselskap går Helgevold inn i den nyetablerte grupperinga Tekni.

Publisert Sist oppdatert

Med over 1,1 milliardar kroner i samla omsetnad og ein offensiv vekststrategi, er ambisjonen å etablera ein leiande leverandør av tekniske installasjonstenester nasjonalt, heiter det i ei pressemelding signert Helgevold.

I tillegg til Helgevold-konsernet, som består av Helgevold Elektro og Vassnes Solutions, utgjer den nyetablerte gruppa Gardermoen Elektro, Arendal EL-team og Østfold Enøk & Ventilasjon. Selskapa har solid fotfeste i ulike deler av Sør-Norge og har til saman i underkant av 800 spesialistar innan elektro, automasjon og ventilasjon. I tillegg til dei eksisterande eigarane av virksomheitene, er det norske investeringsselskapet Driv Kapital med på eigarsida av Tekni Gruppen.

– Helgevold skal fortsette som i dag med same navn og tenestetilbud. Men vi skal samarbeide tett med resten av grupperinga om kompetanseutvikling, system og støttefunksjonar, slik at vi alle posisjonerast til å ta ein enda større del av marknaden for teknisk installasjon, ved å vera best på fag og HMS, seier Bjørn Tollefsen, konsernsjef i Helgevold og vil ha same rolle i Tekni Gruppen.

Også Anne Marit Helgevold Heggebø vil bli ein del av konsernleiinga i den nye gruppa. Ho og resten av familien Helgevold, som eig Helgevold Elektro og Vassnes Solutions i dag, held fram som eigarar i den nye grupperinga.

– Dette har vore ein prosess for oss, der det viktigste har vore å sikra eit vidare eigarskap som tar vare på arbeidsplasser og kompetansen vi har bygd opp, seier Johannes Helgevold på vegne av familien. Han legg til:

– Me har fått mange førespurnader om oppkjøp eller andre typar samarbeid dei siste åra, og innleiande møte har gitt oss ei god forståing for kva som skal til for å ta dei neste stega. Me ønskjer å utvikla verksemda til det beste for våre medarbeidarar og kundar, og då er dette partnerskapet akkurat det me treng. Og med Driv Kapital får me eit norsk investeringsselskap med på laget som har den nødvendige kompetansen og erfaringa. Dei har også vist ei respekt for vår bedriftskultur, våre verdiar og for viktigheita av den lokale tilhøyrsla.

Etterspurnaden etter tekniske installasjonstenester viser stabil og god vekst dei komande åra. Samstundes opnar høgare krav til energieffektivitet og bærekraft for nye prosjekt innan smarte byggløysingar.

– Gjennom Tekni knyt me nå blant anna saman eit sterkt teknisk miljø av ingeniørar for å møta fremtidas krav til utvikling og teknisk underlag og utvikling i energieffektive bygg. Dette er berre eitt av fleire område der me ser samarbeidsmoglegheiter på tvers av selskapa, sier Bjørn Tollefsen i pressemeldinga.

Ambisjonen er at Tekni skal veksa til å bli ein leiiande nasjonal aktør gjennom organisk vekst og oppkjøp av andre verksemder innan teknisk installasjon. Målet er ein samla omsetnad på fleire milliardar kroner i løpet av få år.

– Dei fire selskapa kompletterer kvarandre i dag med ulik spisskompetanse og geografisk dekning, og dette vinnarlaget vil bli utvida med fleire verksemder dei komande åra, seier Tollefsen.

Transaksjonen er rutinemessig meldt til Konkurransetilsynet og endeleg gjennomføring avheng av saksbehandlinga der.

Om Tekni

Tekni blir etablert som ei ny nasjonal gruppering innan teknisk installasjon og består av fire elektro, automasjon og ventilasjonsselskap:

Helgevold (Helgevold Elektro AS og Vassnes Solutions AS), Gardermoen Elektro AS (Gardermoen Elektro, Årnes Elektro, Glomma Elektro og Vrådal Elektro), Arendal EL-team AS(Arendal El-team, Elpunkt og Elektro Skagerak), Østfold Enøk & Ventilasjon AS( Østfold Enøk & Ventilasjon og Viken Ventilasjon).

Totalt har selskapa rundt 800 tilsette og ein samla omsetnad på ca 1,1 milliardar kroner i 2025. Ved sida av eksisterende eigarar, går det norske investeringsselskapet Driv Kapital inn på eigarsida.

Powered by Labrador CMS