Sport
Nærmar seg byggestart for fotballhall
Ei gåve på ein million kroner frå Sparebankstiftelsen SR-Bank er med på å få fart på Ølen IL sitt fotballhall-prosjekt. Leiar Mats Årvik i fotballgruppa håpar å ha hallen klar i løpet av neste år.
— No har me komme langt nok i finansieringa til å starte grunnarbeidet. Det vil gå i gang etter sommarferien, fortel leiar Mats Årvik i fotballgruppa i Ølen IL.
Den nye fotballhallen skal ha ein 9ar-bane. Han skal komme tett på dagens 11ar-bane og ha eit garderobeanlegg knytt til hallen.
I desember signerte Ølen IL ein intensjonsavtale med Prefabpartner om bygging av ein fotballhall. Hallen blir ein stålbygning med sandwich-element. Taket blir flatt, med ei utvendig høgd på cirka 13 meter. Storleiken på bygningen blir 55×77 meter.
Kan utvide cup og skule
Per dags dato har Ølen IL ein 11ar-bane og ein 9ar-bane. Årvik er tydeleg på at ein ny hall likevel vil ha stor betydning for aktiviteten til idrettslaget. Han viser til at dei har sprengt kapasiteten på banane sine i sesong, så vel som under Tine Fotballskule og Kiwi Bama Cup. I 2024 var det 130 barn i alderen frå 7 til og med 12 år.
— Med hallen vil me også kunne ha treningar heile året, seier Årvik.
Som leiar i fotballgruppa deltok han ikkje i saksbehandlinga då kommunestyret i september 2024 vedtok at kommunen skal inngå ein leigeavtale med idrettslaget. Avtalen gjer at Ølen skule skal få bruke hallen to dagar i veka for 400.000 kroner. Rogaland fylkeskommune har også sagt seg villig til å leige hallen to dagar i veka for same sum, slik at også Ølen vidaregåande skule kan bruke hallen. Kommunen har opna for å betale leiga for dei 15 åra i ein eingongssum på seks millionar kroner.
Håpar fleire hiv seg på
Totalkostnaden for fotballhallen er anslått til 43 millionar kroner. Årvik omtalar det som eit svært prosjekt. Han gler seg over millionen frå Sparebankstiftelsen SR-Bank, og minner om at banken til saman har gitt tre millionar kroner til prosjektet, medrekna dei to millionane dei gav i 2023. Dette hjelper halldraumen godt på veg.
— Me har fått gode signal frå næringslivet, og håpar fleire hiv seg på, seier fotballeiaren.
Han fortel at dei per no manglar 14 millionar kroner, der sju er tenkt å bli tatt opp i lån for å få fullfinansiert hallen. Vidare forklarar han at det er ein del refusjonsmidlar dei kan få etter kvart, noko som gjer at den mest krevjande økonomiske fasen er i starten.
For idrettslaget er fotballhallen berre første steg i utviklinga av Ølen Idrettsområde. I desember 2024 fortalde leiar Johnny Vik at det langsiktige målet også er å få til ein ny idrettshall, eit opplæringsbasseng og innandørs padelbanar. Slik vil dei skape Ølen Idrettspark, med slagordet: Senter for idrett og folkehelse! Vindafjord kommune eig grunnen og har planar om å leggje om køyremønsteret til idrettsområdet i ein reguleringsplan. I april blei ei klagesak sendt vidare til Statsforvaltaren i Rogaland for endeleg avgjerd, etter at formannskapet stod ved planen.
Ølen IL er ikkje det einaste idrettslaget i Vindafjord som jobbar med å utbetre idrettsanlegga sine. Skjoldar IL arbeider med oppgradering av den såkalla bane 2, altså den eldste kunstgrasbanen, på Vikaneset i Skjold. Banen skal få nytt banedekke og flomlys. I likskap med Ølen IL får dei støtte til dette, og tok nyleg imot to gåvebrev på til saman 350.000 kroner til prosjektet frå Sparebankstiftelsen SR-Bank.