Aslaug Johanne Risøy med sonen Håkon Risøy Ødegaard (3) og dottera Anita Risøy Ødegaard (10 månadar) på kaien i Ølen. FOTO: SVEIN-ERIK LARSEN
Aslaug Johanne Risøy med sonen Håkon Risøy Ødegaard (3) og dottera Anita Risøy Ødegaard (10 månadar) på kaien i Ølen.

Debatt

Nedlegging av snøggbåten Ølen-Bergen

Eg elske å ta snøggbåten fra Ølen til Bergen. Ryktene skal ha det til at den blir lagt ned nå. Det vil eg ikkje finna meg i. Ideelt skulle eg nok engasjert meg meir i dette for lenge sidan. Men, med tre små barn under 5 år så er det mykje eg treng å velge vekk for å få plass til det viktigaste. Det å velge vekk å gjer ein innsats her var kanskje dumt. For nå er det gjerne for seint. Likevel, så tenkjer eg at er det noko eg kan gjere for at me skal beholde dette tilbodet så gjer eg gjerne det. Fordi eg veit at denne ruta ikkje berre betyr noko for meg, den betyr mykje for ungane mine, og den betyr mykje for Ølen som bygd. Så, eg skreiv eit leserinnlegg idag mens minste sov i vogna og dei to eldste sprang rundt meg. Eg måtte sensurera litt av det 5-åringen og 3-åringen ville skriva. Fordi det ikkje passa seg. Men overskrifta skal dei få. Og, veit nokon om kva som er den beste måten til å gå fram for å beholde båten så tar eg imot det.

debatt@grannar.no

Har du ei meining om denne saka, eller om noko heilt anna?

Send ditt lesarbrev til debatt@grannar.no

Ikkje skriv for langt, maksimalt 850 ord. Og legg helse ved eit bilde av deg sjølv.

Og, så til lesarinnlegget:

Viss dåke legge ned båten skal dåke komma i fengsel»

Det seie 5 åringen min. Han elske å få besøk av farmor som tar snøggbåten fra Bergen til Ølen for å besøka oss her. Det er ein sånn rikdom for heile familien. Og, det gjer det så mykje lettare å besøka venner og familie i Bergen så lenge båten går.

Eg er veldig takknemlig for snøggbåten fra Ølen til Bergen. Den har eg tatt utallige gonger då eg var student i Bergen og skulle reisa heim til familien i Ølen. Då me vurderte å slå oss ned i Ølen brukte eg den som argument. Fordi Ølen føltes ikkje som ein utkant for meg når det kun var ein kort båttur til Norges nest største by. Berre nå i 2025 har eg brukt den i utdrikningslag, for å komma meg på babyshower i Bergen, for å komma i barnebursdag i Bergen og for å ta eit kurs.

Me har tre små barn under 5 år. Alle tre har tatt båten mykje. Med familie både i Ølen og Bergen har det vore kjempepraktisk. Då bestemor feira 85 årsdagen sin var eldstemann knappe 4 veker. Me budde i Bergen, men kunne likevel delta i feiringa. Eg tok med vogna, trilla inn på båten med den litle babyen, og kunne amma og skrifta bleier eller gå litt rundt om han trengte det. Ein heilt anna opplevelse enn å måtte spenne ungen fast i setebelte å kjøre bil.

Alle ungane har øvd seg på å gå mellom setene på båten, dei har krabba rundt, me har lese bøker, ete, blitt kjent med medpassasjerar. Turen har vore så kjekk at eg fekk overtalt bergenseren min om å flytta til Ølen. Me hadde jo direktebåt til Bergen.

Det å bu i Ølen blir mindre attraktivt for meg utan snøggbåten, det blir meir stress å komma seg til Bergen, allerede kjenne eg at Ølen blir meir som ein utkant. Det å ta kurs i Bergen blir ikkje like lett utan båten. Eg hadde lova ungane dei skulle få ta båten til Bergen åleine når dei blei store nok, for å besøke farmor og farfar, onklar og tanter, søskenbarn.

Eg har ikkje gitt opp drømmen om at me skal få beholda båten, fordi, eg veit den betyr mykje for fleire enn meg. Eg kjenner mange som er takknemlige og glad for at båten går. Ønsker me at fleire skal busetta seg i Ølen så treng politikarane å gjera det attraktivt. Ein måte å gjera det på er å opprettholda snøggbåten til Bergen. Men, det finst noko som kanskje er enda viktigare enn å gjera tiltak for å få fleire til å busetta seg her i Ølen. Og, det er å opprettholda eit godt tilbod slik at me som bur her faktisk føler at det er verdt det. Det handle om prioriteringar. Og, ein ting er kva båten betyr for meg, ein anna ting er kva det betyr for heile bygda.

Aslaug Johanne Risøy
Powered by Labrador CMS