Mange har blitt prøvd svindla på SMS. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK
Mange har blitt prøvd svindla på SMS. Illustrasjonsfoto: Heiko Junge / NTB / NPK

.no er det tryggaste domenet i verda

Dersom du trykkjer på ei lenkje til ei nettside som sluttar på .no, kan du sannsynlegvis stole på ho. Det norske domenet er det tryggaste i verda.

Mange har blitt utsett for den klassiske SMS-svindelen. Du får ei melding med ei lang og rar lenkje du blir beden om å trykkje på. Målet med svindelen er at du skal tru du er på ei seriøs nettside og gi frå deg sensitiv informasjon.

Det skriv Nasjonal kommunikasjonsmyndigheit (Nkom) i ei pressemelding.

– Det er ikkje alltid lett å vite kva lenkjer og nettsider som er trygge, og kva ein burde halde seg unna, seier avdelingsdirektør i Nkom, Kamilla Sharma.

Men det finst nettsider som er tryggare enn andre. Den norske landskoden .no er faktisk den tryggaste i verda akkurat no, ifølgje DNS Research Federation.

Alle nettsider har ei lenkje som høyrer til anten eit generisk domene (til dømes .net) eller eit landsbasert toppnivådomene (til dømes .no eller .se).

Det er Norid som fordeler og held orden på det norske domenet, medan Nkom fører tilsyn for å sikre at Norid følgjer ekomlova og domeneforskrifta.

– Hovudgrunnen til at .no kjem så godt ut, er at Norid har hatt god namneforvalting med gode registreringsrutinar over lang tid. Dette er viktig for at tilliten til digitale tenester ikkje skal bli svekt, seier Sharma.

Eit god råd for å unngå nettsidesvindel er å gå til den offisielle nettsida ved å søkje ho opp sjølv og ikkje trykkje på lenkjer ein har fått tilsendt.

(©NPK)